Heim Nyhende E-bøker med i innkjøpsordninga

E-bøker med i innkjøpsordninga

Tysdag blei kulturrådet, bibliotekforeininga, forleggjarforeininga, forleggjarsambandet og forfattarforeininga samde om at e-bøker skal inkluderast  i kulturrådets innkjøpsordning for litteratur.

 

– Vi er samde i prinsippet om at e-bøker skal inkluderast i innkjøpsordninga, men det gjenstår litt finpussing av ordlyden, fortel Mari Finess, som er seksjonsleiar for litteratur i Norsk kulturråd, til lnk.no.

 

Kvart år sidan 1965 har kulturrådet kjøpt inn 1000 eksemplar av dei fleste nye, norske, skjønnlitterære bøkene for vaksne. Desse eksemplara blir fordelte på 970 bibliotek i landet.

– Vi har 30 eksemplar av kvar einskild bok, som vi ikkje har aktive mottakarar på. Desse eksemplara konverterer vi nå frå papir til e-bøker for 2012, opplyser seksjonsleiaren for litteratur.

Aktuelle mottakarar av desse e-bøkene blir bibliotek som låner ut e-bøker. Buskerud fylkesbibliotek, ved dei tre biblioteka i Drammen, Kongsberg og Nore og Uvdal, er aktuelle mottakarar, det same er det planlagde Ryfylkebiblioteket, som er eit samarbeid mellom seks Ryfylke-kommunar om eit e-bibliotek.

Les meir om e-bøker, utlån av desse og innkjøpsordninga i LNK-avisa som kjem ut i slutten av oktober.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...