Heim Nyhende – Ei perle av ei bok

– Ei perle av ei bok

Bibliotekleiar Bente Dammen i Osterøy vil anbefale ei bok som ikkje er så mykje omtala frå før.

bvvikNamn: Bente Dammen

Jobbar med: Bibliotekleiar Osterøy kommune

Kva bok vil du anbefale i sommar: Dagen om natta av Berit Vatne Vik 

Kva er det med denne boka som gjer at du vil anbefale ho:

Det er ei perle av ei bok, men ho er knapt nok omtala av journalistar eller bokmeldarar. Ho handlar om Ingebjørg, ei ung, vakker og livleg jente som planlegg bryllaup med Jakob då ulukka råkar, Ingebjørg vert spedalsk. Grufullt og hjarteskjerande, men uendelig vakkert skrive.

Forfattaren har klart å få nerve i boka – og ”kjøt og blod” på personane sine. Dei er truverdige for lesaren. Boka er ein flott, sår og trist kjærleikshistorie, så her er det bruk for lommetørkledet. Det er rett og slett ei nydeleg bok, som forfattaren også får mykje ros for av lesarane.

Boka er bygd på ei sann historie då forfattaren skriv om ei gammal tante som vart spedalsk. Ho kan lesast av både ungdom og vaksne, og her i biblioteket står den på begge hyllene.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...