Regjeringa legg til rette for ei støtteordning som skal styrkje lokale bokhandlar som sosiale og kulturelle arenaer.
Dei om lag 50 bokhandlane som er med i Merkur-programmet, kan søkje om inntil 50.000 kroner kvar i støtte. Totalt er det sett av inntil 500.000 kroner til føremålet.
– Bokhandlar kan møte konkurransen med netthandel ved mellom anna å utvide tilbodet og skape sosiale og kulturelle møteplassar i lokalsamfunnet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).
Ordninga gjeld små bokhandlar i distriktsområde og skal hjelpe butikkar som ønskjer å leggje til rett for forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen. Støtta skal ikkje brukast til vanleg drift og marknadsføring av bokhandelen. (©NPK)