Heim Nyhende Eit år med feiring av Tarjei Vesaas

Eit år med feiring av Tarjei Vesaas

20. august 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas (1897–1970) blei fødd. Nynorsk kultursentrum markerer Vesaas heile året i heile landet. Stiftinga bidreg også med ny innsikt i korleis Tarjei Vesaas’ forfattarskap har kome ut i verda.

Vesaas er ein av dei viktigaste forfattarane i Norden, og blei i 1964 den første norske forfattaren som fekk Nordisk råds litteraturpris.  

– Me vil vere med på markeringa som går føre seg på tunet til diktarheimen på Midtbø i Vinje laurdag 21. august og under Litteraturdagane som startar 26. august er jubileet ein stor del av programmet, seier arenaleiar Petra J. Helgesen ved Vinjesenteret i ei pressemelding 

Mellom anna kjem professor i historie og forskar i Nynorsk kultursentrum Narve Fulsås til Litteraturdagane for å snakke om utgjevingar av bøkene til Vesaas i utlandet.

Fagdag

Forskingsartikkelen om dette er også tilgjengeleg for alle i tidsskriftet Edda. Nynorsk kultursentrum er også straks klar med ei ny vandreutstilling om Vesaas i verda, mellom anna basert på forskinga til Fulsås. Stiftinga har også gjort minneintervju med Guri og Olav Vesaas, borna til Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. 

I samband med Festspela i juni markerte Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda også Vesaas-året med fagdagen Tarjei Vesaas 125 år: Seks blikk på ein forfattarskap, fortel avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur, Tone Slenes.

På fagdagen fortalde forskarar om forsking på Tarjei Vesaas’ forfattarskap, spreiinga av bøkene hans i utlandet og om å setje musikk til litteraturen.  

Poesifestivalen

Vesaas-året vil også bli markert ved den tredje festivalen til Nynorsk kultursentrum, Poesifestivalen i Ulvik 9.–11. september.

Då vil litteraturforskar Fredrik Parelius forelese om Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge si dikting. Stein Versto og Knut Hamre hyller Vesaas med foredrag og felespel. I samarbeid med Nynorsk kultursentrum har Versto også halde foredrag om Is-slottet og Tarjei Vesaas i Hallingdal, og skal besøkje biblioteka i Gudbrandsdalen i haust. Han skal også på turné med Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark. 

Renberg om Vesaas

Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående er eit av biblioteka i Nynorsk kultursentrum si satsing nynorske pilotbibliotek. I haust skal elevane ved skulen intervjue Tore Renberg om både eigen og Vesaas’ forfattarskap.  

Det vil også kome andre spennande samtalearrangement på slutten av året, knytt til ei ny bok frå Vesaas’ eige forlag Gyldendal, der kjente forfattarar nyles og reflekterer rundt tekstar av Vesaas. 

Nynorsk kultursentrum opna Vesaas-året med ei spennande framsyning av Is-slottet med isperkusjon av Terje Isungset og lesing ved Arnhild Litleré under ismusikkfestivalen i Ål i februar.

Alle dei gode tiltaka er støtta av Vinje kommune, Kulturrådet og Bergesenstiftelsen.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...