Heim Nyhende Endeleg! Bot på nynorsk

Endeleg! Bot på nynorsk

Jens Brekke nekta i haust å betale ei bot, fordi teksten var på bokmål. Sist laurdag fekk han endeleg ein ny versjon, denne gongen på klingande nynorsk.

 

– Her er det ikkje lenger bokmål, slik det var. Slik skal det vere. Eg tar av meg hua for politiet, seier ein glad Jens Brekke til NRK. Den bestemte målmannen kjem frå Vik i Sogn og Fjordane, og fekk i haust ei bot for å lata eit bål på eigedommen komma ut av kontroll.

Bakgrunn: Vil ikkje betala bota på bokmål

Bota kom på bokmål, og sidan den gong har han nekta å betala, motteke fleire gebyr, og insistert på å få bota på nynorsk – slik han meiner han har krav på.

– Di større kamp, di morosamare er det når ein kjem i mål, seier Brekke sjølv.

Dermed betaler han med glede bota på 7.000 kroner, som han fekk for ulovleg bålbrenning etter at han mista kontrollen over ein bråtebrann.

Politiet har valt å prioritere ned denne botsaka, men manglar framleis eit datasystem som kan skrive ut bøter på nynorsk. Det kjem tidlegast om tre år.

– Inntil dette blir rulla ut frå sentralt hald, må ein rekne med at bøtene kjem på bokmål, seier Bjørn Larsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK. (©NPK)

LES OGSÅ: – Politiet skal følga mållova

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...