Heim Nyhende Kommunane ber om meir hjelp mot ekstremistar

Kommunane ber om meir hjelp mot ekstremistar

Kommunane ber om meir statleg hjelp til å overvinne radikalisering. Men statsminister Erna Solberg (H) seier dette er vanleg, kommunalt arbeid og vil ikkje love pengar.

 

Solberg og justisminister Anders Anundsen (Frp) innleidde under eit politisk toppmøte om valdeleg ekstremisme hjå interesseorganisasjonen til kommunane KS måndag.

Møtet samla fleire ordførarar, ekspertar og representantar frå politiet.

Både nestleiar i KS, Mette Gundersen og fleire ordførarar etterlyste meir hjelp.

– KS er tilfreds med dei mange gode tiltaka på informasjons- og kunnskapssida i handlingsplanen til regjeringa, men desse bør følgjast opp med statlege stimuleringsmiddel til dei kommunane som no må gå føre og brøyte løype, sa Gundersen i innleiinga si.

Ikkje meir pengar

Men verken statsministeren eller justisministeren ville love meir pengar.

– Førebygging er ein del av det normale arbeidet som kommunane driv. Vi er veldig opptekne av at dette ikkje skal vere prosjekt, fastslo Solberg.

Ho opna samtidig for at enkeltprosjekt eller enkelttiltak kunne blir gitt meir støtte.

Roste kommunane

Fleire medium har den siste tida skrive om at Kommune-Noreg i lita grad har klart å følgje opp handlingsplanen til regjeringa mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, som kom i juni i fjor.

Justisminister Anundsen sa at dette er eit urett bilete og roste kommunane for å jobbe bra og breitt med det førebyggjande arbeidet.

Ifølgje leiar i Politiets tryggingsteneste (PST) Benedicte Bjørnland er det likevel ei sanning med modifikasjonar.

– Vi ser døme på godt lokalt førebyggjande arbeid, men framleis står det att ein del. Det skortar både på fenomenforståing, og at ein kavar litt med kva ein skal gjere, seier Bjørnland til NTB.

– Eg trur også ein del kommunar tenkjer at dette her er eigentleg ikkje noko problem i vår kommune. Det er då vi prøvar å seie at dei heller bør vere litt føre var, for vi ser at det skjer over heile landet, seier Bjørnland.

– Pass på guteromma

Det viktigaste kommunane kan gjere, er å sørgje for eit godt og breitt primærførebyggjande arbeid, seier PST-sjefen, og peikar på at det er ei overvekt av marginaliserte ungdommar blant dei som blir radikaliserte.

– Dårlege levekår, dårleg utdanning, dårleg tilknyting til arbeidsliv, dårleg inntekt og kanskje også dårleg psykisk helse, er fellesnemnarane vi ser. Det gjeld absolutt ikkje alle, men hovudvekta ligg her, viser ho til.

Kommunane bør særleg vere obs på unge gutar som sit åleine framfor ein PC-skjerm på guterommet. Det er dei vanskelegaste å oppdage, og dei går ofte under radaren for oss alle, sa Bjørnland.

Utanforskap

– Marginaliserte unge gutar åleine på eit rom føre ein PC er ei bekymring for oss, og det bør vere ei bekymring for oss i fellesskap, påpeika ho.

Også justisminister Anders Anundsen og statsminister Erna Solberg la stor vekt på nedkjemping av utanforskap i innlegga sine.

– Vi må sørgje for at verdiane i samfunnet vårt vert meir tiltrekkande enn verdiane i det ekstremistiske samfunnet. Då må alle innbyggjarane kjenne tilhøyring og håp og optimisme for framtida i samfunnet vårt. Det er alle sitt ansvar, streka Solberg under. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...