Heim Nyhende – Er bokmålet rota til alt vondt?

– Er bokmålet rota til alt vondt?

Spør språkforskar Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø. Han ser samanhengar mellom  målform i norske kommunar og innbygjarane sin trivsel.

MannVangsnes ser på samanhengar mellom målform og levekår ved å sjå på levekårskart, som Statistisk Sentralbyrå (SSB) laga fram til 2007, og kart over målformer i kommunane.

– Det er eit påfallande samanfall mellom lite levekårsproblem og nynorsk og motsett mellom mange levekårsproblem og bokmål, seier språkforskaren i ein kommentar på nettstaden Forskning.no.

Han peikar vidare på at dette samanfallet kan vere tilfeldig, men at det også kan vere ein samanheng.

– Og samanhengen kan vera direkte eller indirekte: Anten kan ein tilskriva gode levekår til nynorsk (direkte samanheng) eller så er val av nynorsk målform eit utslag ein type organisering av samfunnet som også har lagt grunnlag for gode levekår (indirekte samanheng), skriv Vangsnes.

Han ser samanhengen mellom språkleg sjølvkjensle, ved at skriftmålet litt nært opp til talemålet og ikkje speglar eit sosialt hierarki i nynorskkommunar, og det at innbyggjarane er nøgde med forholda i bustadkommunen.

– Bokmålsbrukarar må derimot ta stilling til om dei skal skriva radikalt, moderat eller konservativt, og valet dei gjer, vil korrelera med korleis dei blir oppfatta i høve til ein etablert sosiolingvistisk rangstige, meiner språkforskaren.

Vangsnes sin kommentare held fram med at individ som har god sjølvkjensle har det godt med seg sjølv og andre.

– Og der sat vi faktisk plutseleg att med ein muleg direkte samanheng mellom nynorsk og levekår! Er kanskje bokmålet rota til alt vondt, spør han til slutt.

Førre artikkelMisnøgd med NRK
Neste artikkelMedlemsauke i mållaget

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...