Heim Nyhende Etter kvart vart Tord Gustavsen ein stor fan av Vinje og Ferdaminne

Etter kvart vart Tord Gustavsen ein stor fan av Vinje og Ferdaminne

Tord Gustavsen urframfører tingingsverket til Vinje-jubileet under Dei nynorske festspela laurdag.

Han er ein av Noregs mest kjende jazzmusikarar, og hadde ei paradoksal oppleving med Ferdaminne av Vinje før han takka ja til å gjere tingingsverket.

– Teksten tala først ikkje til hjartet mitt eller musikaliteten min, berre til forstanden. Eg skjønte at det var ein litteraturhistorisk og nasjonalhistorisk viktig tekst, men eg vart ikkje rørt eller inspirert, fortel Tord Gustavsen.

– Men så opna det seg gradvis, og etter kvart vart eg ein stor fan. Kapittelet «Huldra» er verkeleg lysande. Alle bør unne seg å lese det aller mest kjende diktet i boka, «No ser eg atter slike fjell og dalar», på nytt. Det er ein tekst med mange fleire lag og større djupner enn eg først trudde.

Poetisk styrke

Han tek med seg ein konsert basert på kapittelet «Huldra» i Ferdaminne til Aasen-tunet.

– Vi nyttar òg nokre av dei dikta som reisekaren bryt ut i andre stader i boka, fortel Tord Gustavsen.

– Musikk og resitasjon får verke intimt saman. Vi går inn i den poetiske styrken til verket, vi kjenner på hovudpersonen si sjølvkjensle og korleis han tviler på seg sjølv, og vi etablerer konteksten – sjølve reiseforteljinga, seier Tord Gustavsen.

– Kva har nynorsken å seie for deg?

– Eg har alltid likt nynorsk sidan sidemålsundervisinga på ungdomsskulen. Eg var nok ganske nerdete. Eg tykkjer både grammatikken og musikken i språket er stimulerande, sjølv om eg sjølv bruker bokmål – og eit ikkje så veldig radikalt bokmål heller – til vanleg. Mykje av den finaste litteraturen eg har lese, er på nynorsk – særleg poesien og romanane til Lars Amund Vaage.

Ny plate til hausten

Skodespelar Cecilie Jørstad les eller fortel frå Ferdaminne. I bandet er Tore Brunborg på saksofon, Sigurd Hole på kontrabass, Jarle Vespestad på trommer og Rune Børø på lyddesign.

– Alle er folk eg har arbeidd saman med i ensemblet mitt og i ulike konstellasjonar før, og det er verkeleg stimulerande å setje det kjende saman på ein ny måte og med eit heilt eige fokus, seier Gustavsen.

Fleire av satsane frå Ferdaminne-verket er teke med på ei ny plate som kjem til hausten.

– Eg gler meg til å reise på albumslepp-turné til hausten, seier Tord Gustavsen.

Les meir om Dei nynorske festspela her!

Ferdaminne frå sumaren 1860
  • er ei reisekildring av Aasmund Olavsson Vinje, publisert i 1861.
  • er det første større verket på landsmål (nynorsk).
  • vart utgjeve i to hefte, i februar og juli. Det første vart sendt abonnentane av vekeavisa Dølen til erstatning for dei nummera som uteblei medan redaktøren (Vinje) gjorde den reisa han rapporterer frå i boka. Det andre måtte dei betala for.
  • framstillinga vekslar mellom dikt og prosa.

6. april er det 200 år sidan Vinje vart fødd. Foto: Trondheim byarkiv/Wikimedia Commons

  • i år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...