65 prosent av befolkninga las ei eller fleire papiraviser ein gjennomsnittsdag i 2009. Dette er ein nedgang frå 68 prosent året før og føyer seg inn i ein fallande trend frå tidlegare år.
Talet på boklesarar har derimot auka frå 23 prosent i 2008 til 27 prosent i 2009.
I dei seinare åra har det vore nedgang i lesing av papiraviser blant personar mellom 9 og 79 år.
65 prosent las papiravis ein gjennomsnittsdag i 2009, mot 84 prosent i 1997, viser tal frå Norsk mediebarometer.
Bruk av internett aukar stadig. 71 prosent brukte internett ein gjennomsnittsdag i 2008 og 73 prosent i 2009. Veksten gjeld alle aldersgrupper, men særleg for dei eldre. (©NPK)