Heim Nyhende Fann draumejobben

Fann draumejobben

Relevante jobbar gjer at fleire vel å busetja seg på Rauland i Vinje.

Det er ikkje berre flott natur som lokkar på Rauland. For førstelektor Per Åsmund Omholt og bibliotekar Ranveig Tunheim er det jobbar der dei får nytta og utvikla kompetansen, som har gjort at dei har etablert seg i fjellbygda. Dei kom begge til Rauland som studentar i folkemusikk, Omholt i 1987 og Tunheim i 2000, og har sidan blitt verande.

Smalt fagfelt

Omholt er førstelektor i musikk og har undervist på folkemusikkstudiet sidan 1993. I dag er han etablert med kone og to barn. Kona er utdanna musikkpedagog med utdanning frå konservatoriet i Stavanger. Begge er tilflyttarar til Vinje og kjem opphavleg frå Sokna på Ringerike og frå Helgeland, litt utanfor Mo i Rana. Medan han underviser på folkemusikkstudiet, underviser kona på Rauland skule.

– Medan utdanninga mi er såpass smal at eg ikkje får jobb kvar som helst, er kona mi meir fleksibel som musikkpedagog, fortel Omholt. I dag underviser han i mellom anna sjøfløyte, hardingfele og song og i fag som høyrelære, tradisjonskunnskap og musikkteori.

I tillegg til å undervisa har Omholt tatt hovudfag ved Universitetet i Bergen, og i juni i år disputerte han med avhandlinga ”Regional og typologisk variasjon i norsk slåttemusikk – en kvantitativ tilnærming med et historisk perspektiv” ved Griegakademiet, Institutt for musikk i Bergen.

Skapar folkevekst

Rauland barne- og ungdomsskule har i år det største elevtalet i kommunen. Omholt meiner ei medverkande årsak til dette er at mange unge vel å busetja seg på Rauland.

– Her er det både spennande arbeidsplassar og flott natur for den som er glad i det. Det er mange unge som buset seg her på Rauland, fortel førstelektoren.

Omholt er ikkje i tvil om at Rauland er rette staden for folkemusikk- og folkekunststudia.

– Studentmiljøet er viktig, og her er studentane saman heile tida, seier Omholt. Det er viktig for læringa at ein får dela erfaringar og ikkje minst dra nytte av kunnskap frå medstudentar. Dette medverkar til nyskaping og kreativitet. Her kjem studentar med bakgrunn frå vidaregåande, folkehøgskule eller ferdiggjord lærarutdanning. Nokre har bakgrunn frå folkemusikk- og kappleiksmiljøet, medan andre har musikkfagleg bakgrunn og ei særskild interesse for folkemusikk. Stort sett er det unge folk som byrjar på studiet, men det er nokre eldre elevar og.

– Det er bra med ein studentmasse som har ulik bakgrunn og alder, understrekar han.

Blei verande

Bibliotekar Ranveig Tunheim fann draumejobben etter eit år på folkemusikkstudiet. Før ho søkte seg til Rauland i 2000, hadde Tunheim gjort ferdig bibliotekarutdanning frå Universitetet i Oslo.

– Medan eg gjekk på musikkstudiet på Rauland, dukka det opp ein ledig bibliotekarjobb, fortel ho. Sidan har ho budd på Rauland og har ikkje tenkt på å flytte med det fyrste. Ho har også fått med seg sambuar og komande ektemann frå Bryne, som jobbar som lege i Åmot.

Tunheim er oppvaksen på Nærbø på Jæren. Ein flott jobb og eit spennande og inspirerande miljø for den som interessert i folkemusikk, har gjort at ho har blitt verande. I tillegg er ho og særs nøgd med den flotte naturen. Ho treivst også veldig godt som student i Bergen, Oslo og i Hamburg, men ho er medviten på å setja pris på dei kvalitetane som er der ein til ei kvar tid bur. Tunheim meiner det er særs positivt for Vinje at det er eit så allsidig miljø der.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...