Heim Nyhende Tilbyr attraktive stillingar

Tilbyr attraktive stillingar

– Det gjev ringverknadar å tilby kompetansearbeidsplassar i kommunen, seier Bodil Akselvoll.

Leiaren ved Institutt for folkekultur ved Høgskulen i Telemark si avdeling på Rauland kan i år markera 25-årsjubileum saman med kollegaer og studentar.

Like viktig som at ein får unge frå Vinje til å returnera til heimbygda, er det at kommunen har attraktive stillingar å skilta med, slik at ein også får nye kapasitetar til å flytte til kommunen, seier Akselvoll.

Avdelinga, som er den største utdanningsinstitusjonen for folkemusikk i landet, har alltid hatt stabilt gode søkjartal. Men her er, ifølgje Akselvoll, plass til fleire. I dag er det om lag 100 studentar som studerer på HiT avdeling Rauland og avdelinga har om lag 15 årsverk og i tillegg fleire småstillingar.

– I tillegg til fast undervisningspersonale knyter instituttet til seg kapasitetar frå Universitetet i Oslo, Høgskulen i Bergen og andre institusjonar, fortel Akselvoll. Desse ressursane kjem inn med spesialkompetanse til masterstudiet.

Stabile søknadstal

Søknadstala til avdelinga på Rauland har jamt over vore gode.

– Medan folkekunststudiet alltid har hatt mest søkjarar, ser me at det nå også vert meir søkjarar til folkemusikk, opplyser Akselvoll.
Folkekunststudiet vart etablert på Rauland i 1984 som eit høgskulestudium og vart i 1994 lagt under Telemark lærarhøgskule. I dag er avdelinga for folkekultur på Rauland det minste instituttet under Høgskulen i Telemark, og forslag om nedlegging som følgje av omorganisering er ikkje ukjende for instituttleiaren.

– Det er alltid nokon som føreslår å leggja ned eller flytta avdelinga frå Rauland så raskt det er snakk om omorganisering, seier Akselvoll. Men avdelinga har fått signal frå Høgskulen om at det ikkje er aktuelt, og det er ifølgje leiaren brei politisk støtte for å oppretthalda tilbodet på Rauland.

Det er viktig både for Telemark fylke og for Vinje kommune å oppretthalda dette tilbodet. Faga folkekunst og folkemusikk er bygde opp saman. For distriktet er det viktig å ha ein statleg institusjon i kommunen, og det gjev ringverknadar for samfunnet når lærarkrefter etablerer seg i kommunen, held Akselvoll fram. Leiaren kom sjølv tilbake til Vinje i 1994 grunna jobb på instituttet, og det er fleire av lærarkreftene ved instituttet i dag som tidlegare har vore studentar der sjølve. Avdelinga for folkemusikk og folkekunst held til i bygningane til Raulandsakademiet AS, der Vinje kommune eig 98 % av aksjane. Akademiet har som mål å drive eit aktivitets- og undervisningssenter tufta på det beste i folkekulturen.

Kreativt kompetansesenter

– Sidan oppstarten i 2005 har kompetansesenteret ved Attføringssenteret i Rauland (AiR) rekruttert 12 tilsette i eit fagfelt som er ettertrakta nasjonalt, fortel Toril Dale, leiar for nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering på Rauland.

Prosessen med å få tak i kompetente folk med doktorgradar i bagasjen er både spennande og interessant, ifølgje leiaren. I og med at det nasjonale senteret ligg på Rauland, må ein jobba på ein annan måte om ein ynskjer å rekruttera folk til stillingar i Oslo, held ho fram.

– Ein må heile tida vera på jakt og kunna fanga opp ”hovuda” når ein kjem over dei. Deretter må ein byggja opp oppgåvene rundt kompetansen. I staden for å etablera eit prosjekt og så finna folk, ser me på summen av dei folka me har, og jobbar fram prosjekt utifrå den kompetansen som fins, understrekar Dale.

Fagleg engasjement

Dale meiner senteret sel seg sjølv ved hjelp av det sterke faglege engasjementet deira.

– Me er nøydde til å tenkja annleis og vera kreative nettopp fordi vi er plasserte her vi er, konstaterer ho. Det er ikkje gitt at det skal liggja eit nasjonalt kompetansesenter på Rauland. I fjellkommunen Vinje er det ein kreativ staheit som kjenneteiknar miljø i periferien, meiner Dale. Her kan ein ikkje ta nei for eit nei, men må starta opp sjølv. Senteret samarbeidar med andre fagmiljø, som Unifob i Bergen.

– Dette er nødvendig for forskingskompetansen og tyngda.


 

Fakta: HiT avd Rauland
Studiestad Rauland er hovudbasen for folkekulturstudia ved Høgskulen i Telemark.
Institutt for folkekultur ligg på Rauland i Vinje kommune og har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning i folkekultur.
Kjelde: www.hit.no
Ein del av mandatet til kompetansesenteret er også å sikra fagutvikling i andre institusjonar. AiR-klinikken på Rauland er berre ein av 33 klinikkar som kompetansesenteret jobbar opp mot.

Fakta: AiR
Attføringssenteret i Rauland (AiR) er Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.
Kompetansesenteret har fokus på institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering, der målet er å hjelpe brukarane til ein betre funksjon, slik at ho/han kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna.

Attføringssenteret i Rauland (AiR) – Klinikk
• Attføringssenteret i Rauland (AiR) tilbyr rehabiliteringsopphald for personar med samansette plager og funksjonssvikt. Målet med opphaldet er at brukaren skal koma i arbeid.
Kjelde: air.no

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...