Heim Nyhende Fantastisk opning på Falturiltu

Fantastisk opning på Falturiltu

Verdas første og største nynorske barnebokfestival varer til 7. november.

 

– Det var så mykje me vil ha med, at me måtte utvida med éin dag ekstra, seier festivalsjef Roald Kaldestad.

Søndag opna Falturiltu med nær 100 involverte på scenen med Fargespill. Born og unge med røter frå heile verda song, spelte og dansa songar frå heile verda.

Maria Parr var òg med på å opna festivalen. Ho er festivalforfattar, og går som ein raud tråd gjennom heile festivalen. Det er utstillingar og seminar med forfattaren, i tillegg til at studentar ved Høgskolen Stord Haugesund set opp Tonje Glimmerdal-musikal.

Festivalen har i år har tatt mottoet til Tonje Glimmerdal; fart og sjølvtillit.

Dagsland og Nordstoga

Maria Parr er med på å møta Sigvart Dagsland når han held konsert i Stord kyrkje onsdag. Odd Nordstoga held konsertar fredagen og då kjem han truleg til å spela nokre av songane frå vaffelhjarteplata Bestevenn.

I tillegg til Stord kommune, blir det arrangement i nabokommunane Fitjar og Kvinnherad.

Stord kulturskule har eigen konsert saman med forfattaren Hans Sande. Sande er også blant kunstnarane ein får treffa i ord- og bilde-verkstaden som vil gå føre seg i Galleri Giga heile festivalveka,  der også utstillinga hans Hjartet raknar, huset står, vil vera å sjå ut veke 46.

150-årsjubileum

Ingunn Røyset og Trio Vest vil gjera heile sju førestillingar rundt om i Sunnhordland, med musikk frå 1940-talet og tekstar frå barnebøkene Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få.

Og barnebokfestivalen vil òg markera 150-årsjubileet til Alice i Eventyrland.

I tillegg blir det to heildagsseminar på høgskulen om nynorsk barne- og ungdomslitteratur og formidling.

Her er nokre av forfattarane som deltar på Falturiltu:

Rune Belsvik, Bente Bratlund, Tor Arve Røssland. Berit Rødstøl, Maria Parr, Sissel Horndal, Atle Hansen og Martine Grande, Anna R. Folkestad, Vegard Markhus, Anders Totland og Ingvild Sjo.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...