Heim Nyhende Får støtte til leselystprosjekt

Får støtte til leselystprosjekt

LNK og Framtida.no får støtte frå Kulturdepartementet til eit leselystprosjekt.

 

LNK ved nettavisa Framtida.no får 120 000 kroner frå Kulturdepartementet til eit leselystprosjekt. Prosjektet tek mål av å vise fram kor god og variert den nyare nynorske litteraturen er for nye generasjonar av lesarar.

–     – Me vil styrkja litteraturformidlinga til barn og unge gjennom aviser, skular og heimesidene til folkebiblioteka. Me vil auka leseengasjementet i befolkninga, ved å invitera unge lesarar til å dela dei beste leseopplevingane sine med andre og visa fram lesande forbilde, seier redaktør og prosjektleiar Svein Olav Langåker.

Det kom inn totalt 40 søknadar på prosjektmidlane, 14 av prosjekta får støtte, tilsaman 1,2 millionar kroner.

Stort engasjement
– Dette vitnar om stor interesse og engasjement rundt leselyststrategien. Dei prosjekta som no får støtte kan vere gode døme og inspirere andre aktørar, seier kulturminister Hadia Tajik i ei pressemelding.

Lokalavisene Hordaland, Sogn Avis, Sunnhordland og Bømlo-Nytt er med på Framtida sitt prosjektet, og fleire lokalaviser vil bli invitert med seinare.

–     – På denne måten vil me nå ut til mange tusen potensielle boklesarar – både barn og unge sjølv – men også foreldre, lærarar, bibliotekarar og andre vaksne som vil vera viktige for vekkja leselysta til dei unge, fortel Langåker.

Få utlånte nynorskbøker
Bibliotekstatistikken for heile landet viser at berre éin prosent av dei tusen mest lånte barne- og ungdomsbøkene var nynorskbøker. På biblioteka i dei nynorske kommunane var talet seks prosent, ifølgje ein artikkel på Framtida.no i vår.

–     – Tal frå Mediebarometeret 2012 viser dessutan at vestlendingar bruker litt mindre tid på barne- og ungdomslitteratur enn landssnittet. Samstundes har den nynorske barnelitteraturen aldri hatt ei så brei tittelvifte som no, og aldri har den vunne så mange ulike typar litterære prisar og utmerkingar som dei siste åra, meiner Langåker.

Han legg også vekt på at talet på vinnarar av Uprisen viser at dei nynorske bøkene blir høgt verdsett av ungdom når dei først blir lesne av dei.

–     – Me vil laga eit innhaldselement med boktips, intervju, quizar og bokbloggar som bibliotek, skular og lokalaviser enkelt kan leggja ut på heimesidene sine. Arrangera ein bokstafett der ungdom skriv om favorittbøkene sine. Samla bokbloggar og litteraturformidling frå biblioteka på Framtida.no. Me vil også vidareutvikle forfattarpraten på Magasinett.no, produsere  fleire bokmeldingar av barne- og ungdomsbøker for publisering i Framtida.no, Pirion, Magasinett, lokalavisene me samarbeider med – og på heimesidene til biblioteka.

Prosjektet startar truleg opp i oktober. 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...