Heim Nyhende Matkultur i sentrum

Matkultur i sentrum

Ryfylkekokken Frode Selvaag har bygd opp eit ekte matkultusenter på Finnøy.

Nede på kaien i Steinnesvåg på Finnøy ligg Landahuset, eit ekte matkultursenter der Ryfylkekokken driv serveringsstad, kursstad og eige kjøkken. Han er oppteken av av lokale matvareprodusentar viser igjen i regionen. 

– Me har berre sett ein lillefinger av den interessa som finst der ute for trygg og rein mat. Og kvifor skal alle produsentar bli så store. Dei fleste av oss kan vre lukkelege som små, meiner Selvaag.

Han sparkar frå i debatten om at Rogaland mister fotfestet som matfylket.

– Rogaland er ikkje det matfylket me gjerne vil vere. Me må ikkje ta livet av mangfaldet som finst her. Me må våge å satse meir på dei små, våge å sjå til kommunar som Inderøy i Trøndelag som har laga til Den Gyldne Omvei. Der tilbyr dei lokal kunst, kultur og matopplevingar som gir regionen ein heilt spesiell identitet.

Før Ryfylkekokken kom til Landahuset på Finnøy var han innom Gastronomisk Institutt i Stavanger, som kokk ved den norske ambassaden i Washington DC, sous-sjef på Craigs Kjøkken i Stavanger og kjøkkensjef ved Spa Hotell Velvære på Hjelmeland. Han har klokketru på matkulturen i Ryfylke.

– Det er ikkje noko i vegen for at Ryfylke kan bli det for Noreg som Toscana er for Italia. Me har spekteret og mangfaldet. Men me må slutte å snakke om at det er naturen som fange turistane. Me må byrje å selje historia vår, og matkulturen, slår han fast.

Les meir om øykommunen Finnøy i kommunepresentasjonen i neste utgåve av LNK-avisa. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...