Heim Nyhende Feil i eksamensoppgåve

Feil i eksamensoppgåve

Mediemållaget reagerer på skrivefeil i journalistikkeksamen ved Høgskolen i Oslo.

Den nynorskskrivande journalistikkstudenten Andrea Øien Sæverud trudde ikkje det ho såg då ho fekk utdelt heimeeksamen i emnet Mediesamfunnet, skriv journalisten.no. Eksamen var nemleg full av skrivefeil, eit av spørsmåla var blant anna formulert slik:  «Hva er dei viktigaste utfordringane Mediestøttutvalet står overfor når dei skal sjå på mediestøtta?»

– Eg las teksten fleire gonger for å sjekke om det verkeleg var så dårleg som det såg ut til. Eg måtte le samstundes som eg meinte det var trist, seier Sæverud til journalisten.no

Leiar Berit Rekve i Mediemållaget finn kjapt ti skrivefeil i oppgåveteksten, i tillegg til setningskonstruksjonar som ikkje er god nynorsk, skriv journalisten.no.

– Det er rett og slett respektlaust frå Høgskolen i Oslo si side. Studentar med nynorsk som hovudmål har krav på like gode og korrekte eksamensoppgåver som andre studentar. Eg veit at kompetansen finst ved journalistutdanninga, så dette var verkeleg ikkje naudsynt, seier Rekve.

Høgskulelektor Anders Marius Knudsen meiner dette er ein språkleg glipp og seier han forstår at studentane reagerer.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...