Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har fått valkorta sine på bokmål i år. – Frykteleg irriterande, men truleg vår eigen feil, seier sekretær i valstyret, Ester Frøyen til Firdaposten.
I mange kommunar, deriblant Flora, har alle røysteføre fått valkort på bokmål.
– Vi må nok ta skulda sjølve. Vi som har ansvar for valgjennomføringa i fylket var samla på eit kurs tidlegare i år der opplæringa i nytt IT-verktøy gjekk føre seg. Her enda det med at fleire av fylkets kommunar kryssa av i ei feil rute for målform, forklarer Ester Frøyen.
– Dette er inga stor sak, men det er kanskje i slike små kvardagssynder vi må stå opp for nynorsken og seie ifrå, seier styrmedlem i Sogn og Fjordane Mållag, Torleik Stegane.
Frøyen lovar at dei som ynskjer det skal få valkort på nynorsk.