Heim Nyhende Fleire Samlaget-bøker blant barnebokprisane

Fleire Samlaget-bøker blant barnebokprisane

Det var fleire nynorske bøker blant vinnarane av Kulturdepartementets barne- og ungdomsbokprisar.

I alt åtte forfattarar, illustratørar, teikneserieskaparar og omsetjarar fekk prisane for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2012. Det var kulturminister Hadia Tajik (Ap) som delte ut prisane onsdag. Mellom dei var Kenneth Steven (forfattar) og Øyvind Torseter (illustratør), som fekk prisen for beste biletbok for barn med boka «Historia om korleis hunden fekk våt snute».

Historia er ei livleg attgjeving av den gamle fabelen om korleis hunden fekk snute. Då vatnet flomma over landet, bygde Noah ein svær ark og tok om bord småkryp, husdyr og ville dyr av alle slag. Men medan dei er ute på havet, spring båten lekk.

Guri Vesaas fekk omsetjarprisen for boka «Rosas buss», som ho har omsett frå italiensk. Boka handlar om rasisme og mot til å kjempe for rettane sine med utgangspunkt i historia om Rosa Parks, som nekta å gi frå seg bussetet sitt.

Litteraturprisen gjekk til Arne Svingen med «Sangen om en brukket nese». Jon Ewo fekk Fagbokprisen for boka «Norske konger og dronninger». Debutantprisen var det Marianne Kaurin som fekk, med boka «Nærmere høst». Trond Bredesen fekk Illustrasjonsprisen for illustrasjonane i serien «Kunstdetektivene» av Bjørn Sortland, og Lene Ask fekk prisen for beste teikneserieroman for «Neste gang blir alt riktig».

For bokåret 2012 var i alt 23 forfattarar, illustratørar, omsetjarar og teikneserieskaparar nominert til i alt sju priskategoriar: Litteraturprisen, Bildebokprisen, Fagbokprisen, Debutantprisen, Illustrasjonsprisen, Oversetterprisen og Tegneserieprisen. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...