Heim Nyhende Bør satse på skulen

Bør satse på skulen

Tor Bremer (Ap) meiner kommunane si viktigaste språkoppgåve framover blir å ha ein så god skule at elevane ynskjer å halde på nynorsken.

– Kva blir den viktigaste språksaka fram mot Stortingsvalet 2013? 
– Det blir å oppretthalde det tospråklege Noreg. Det vil vi gjere ved å behalde det omfanget av nynorsk som vi har i dag.

– Kva blir den viktigaste nynorsksaka ?
– Den viktigaste nynorsksaka vil vere å stå imot Høgre og Frp sine ynske om å gjere sidemålet frivillig på ungdomsskulen. Det er det største åtaket på nynorsken sidan Stortinget 12. mai 1885 gjorde vedtak om å sidestille nynorsken med bokmålet.

– Kva tenkjer du om framtida til sidemålet og sidemålskarakteren?
– For ein nynorskbrukar vil sidemålet vere bokmålet. Det står seg godt. Men om ein meiner nynorsken som sidemål, så er det så absolutt under press. Me ser det spesielt i talet på elevar som brukar nynorsk på eksamen i vidaregåande skule. Der blir det halvert i frå ungdomsskulen. Det som er mest kritisk, er at det er i kjerneområda for nynorsken at det raknar. Her leitar me etter dei gode grepa for å styrke nynorsken. Saka er ute på høyring, og det er for tidleg å sei noko om ein kjem til å gjere noko med sidemålskarakteren. Men truleg ikkje.

– Kva tenkjer du om framtida til mållova?
– Eg trur ho står seg godt også i framtida.

– Kva trur du blir den viktigaste utfordringa for nynorskkommunane framover?
– Det blir nok å ha ein så god skule at elevane vil holde på nynorsken resten av livet.

– Korleis påverkar språksakene eit eventuelt regjeringssamarbeid etter valet?
– Det ser diverre ut som om Høgre og Frp har bestemt seg, og dei vil difor truleg styre utviklinga i ei uheldig retning for nynorsken om dei får makta. For den raud-grøne sida vil det naturlegvis vere viktig å styrke nynorsken sin posisjon i samfunnet. Det er for oss ikkje berre eit språkspørsmål, det er også eit kulturelt spørsmål.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...