Folkerøystinga over skulemålform i Sauherad kommune denne veka viste at 60 prosent vil ha bokmål, medan 40 prosent vil ha nynorsk. Valdeltakinga var på 15 prosent.
Bakgrunnen for folkerøystinga er samanlsåinga av tre grendaskular og ein større barne- og ungdomsskule til hausten. Gvarv skule, som er den skulen dei andre skal flytte til, er nynorskskule, medan grendaskulane bruker bokmål. Sauherad kommune er språkleg nøytral.
Ordførar Hans Sundsvalen (Ap) seier til avisa Varden at han hadde håpa på større valdeltaking.
Folkerøystinga er rådgjevande, og det er kommunestyret i Sauherad som skal ta den endelege avgjerda. Det skjer på kommunestyremøtet 13. juni.