Heim Nyhende Fleirtal for nynorsk i Sola

Fleirtal for nynorsk i Sola

Det blei fleirtal for nynorsk på Sola skole, etter skulemålrøystinga som avslutta måndag. Men berre 8,1 prosent av dei som kunne stemme møtte fram og sa meininga si.

44 møtte fram og stemte for nynorsk, medan 17 stemte for at Sola skule skulle bli ein bokmålsskule i staden for nynorskskule som i dag. Rektor Siri Nøttaasen Gabrielsen ved Sola skole seier til Solabladet at den manglande interessa for folkerøystinga kan skuldast at foreldrene opplever at dei får det som dei ønskjer med dagens ordning. I dag er Sola skole nynorskskole, men skulen er i praksis språkdelt med bokmålsgrupper på fleire trinn. Folkerøystinga har vore kritisert av både foreldre og av Sola mållag, som meiner denne har vore drive fram av kommunen med sitt ønske om å spare pengar, ikkje av foreldra.

Folkerøystinga no er berre rådgjevande. Politikarane i Sola skal seie sitt i eit møte 13. juni.

Les også: Vil endre målform ved Sola skole

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...