Eit fleirtal av befolkninga vil ha auka konkurranseutsetjing og privatisering av det som tradisjonelt har vore kommunale tenester.
57 prosent av befolkninga meiner det er prinsipielt riktig å la private aktørar få høve til å konkurrere om å få utføre oppgåver som heimehjelpstenester, renovasjon og snøbrøyting. Berre 23 prosent seier det er galt, ifølgje ei undersøking som er gjennomført for Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), skriv Dagbladet.
Også blant veljarane til Arbeidarpartiet er 44 prosent innstilt, medan 34 prosent er mot auka privatisering. (©NPK)