Heim Nyhende Kommunar bryt lov om likestilling

Kommunar bryt lov om likestilling

Halvparten av dei kontrollerte kommunane bryt likestillingslova, går det fram av ein reportasje i Kommunal Rapport.

Det er likestillingsombodet som har gjort stikkprøvar i 21 kommunar, og i 12 av dei kontrollerte blir likestillingslova broten. Kommunalministeren ber no kommunane om å skjerpa seg.

Likestillingslova pålegg kvart år kommunane å rapportera om kva tiltak dei har sett i verk for likestilling og status for likestilling i den einskilde kommune.

I Kommunal Rapport blir både dei kommunane som har fått rapportane sine underkjent og dei som er godkjende namngjevne.

Krava til likestilling gjeld både kjønn, etnisitet og funksjonshemning.

Dei kommunane som ikkje får godkjent av ombodet er mellom andre Oslo, Bergen, Trondheim, Kristiansand, Stavanger og Larvik. Tromsø, Sandnes, Vadsø og Trysil har saman med Drammen fått godkjent.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) ber kommunane følgja opp pliktene sine som lova pålegg dei og oppmodar kommunane til å driva eit reelt likestillingsarbeid. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...