Heim Nyhende Flest misfornøgde pasientar i Helse vest

Flest misfornøgde pasientar i Helse vest

Helse Midt-Noreg går av med sigeren med mest fornøgde pasientar, medan Helse vest kjem dårlegast ut, viser ei landsomfattande undersøking.

 

Undersøkinga for 2013 er gjennomført av Kunnskapssenteret på oppdrag frå Helsedirektoratet, skriv Dagens Medisin.

Pasientar har gitt poeng på ein skala frå 1 til 100 på ti indikatorar: Informasjon, legane, ventetid, organisering, pleiepersonalet, pårørande, standard, utskriving, samhandling, og pasienttryggleik.

Helse vest kjem dårlegast ut i undersøkinga på alle område unntatt eitt – pasienttryggleik. På dei andre ni områda ligg Helse vest under landsgjennomsnittet.

Helse Midt-Noreg skårar poeng over landsgjennomsnittet på åtte av ti område. Her er det ventetida pasientane er minst nøgde med, medan vurderinga av dugleiken til legane er på nivå med gjennomsnittet på landsbasis.

Samla sett svarer pasientane over heile landet i fjor at dei hadde best erfaringar med pasienttryggleik, ivaretaking av pårørande, med pleiepersonellet og med legane. Pasientane sin tillit til legane auka litt frå 2012 til 2013.

Den lågaste poengsummen gjeld kor godt pasientane blir førebudde på tida etter utskriving. Denne indikatoren får 56 poeng, som er det same som i 2011 og 2012.

Vidare er ventetid, organisering av arbeidet til sjukehuset og samhandling mellom sjukehus og fastlege eller kommunal helseteneste blant dei områda som får lågast poengsum. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...