Heim Nyhende For få elevar

For få elevar

 

Leiar i FAU ved Otta skole, Irene Viken, trur at kampen om å gjere skulen om til ein bokmålsskule botnar i at nynorskklassane blir for små.

 

Ei rådgjevande folkerøysting om skulemål på Otta skole i Sel kommune måndag resulterte i 103 røyster for bokmål og 76 for nynorsk. Otta skole er ein nynorskskule, men har vore språkdelt i mange år.

– Innspelet om å sjå på kva skulemål ein skulle ha kom frå FAU, og var begrunna i at talet på nynorskelevane var lågt, i tillegg høyrer eg argument som at mange tykkjer nynorsk er tungt å lese og skrive, og at dei ikkje forstår kvifor borna må lære to skriftspråk, seier Viken som sjølv er trebarnsmor. Alle borna hennar har hatt nynorsk på skulen

Det er omlag 40 elevar på kvart trinn på skulen, i år har 10 av elevane i 4.klasse nynorsk, medan talet i 3.klasse er seks, og i 2.klasse er det ikkje fleire enn tre nynorskelevar. Opplæringslova seier at dersom det er fleire enn 10 elevar som ynskjer undervisning på anna målform har dei krav på det.

– Det har alltid vore meir enn 10 elevar på Otta skole som har ynskt bokmål, difor har det blitt oppfatta som at ein kunne velje målform fritt. Mange foreldre vel nok bokmål til barna, nettopp fordi klassane blir for små i nynorsk, meiner ho.

Berre seks prosent av innbyggarane røysta i folkerøystinga om skulemålet. Viken legg vekt på at engasjementet er lite. Ho viser også til at det blir trist dersom talet på elevar som etterlyser eit nynorsk tilbod blir så lågt at det ikkje blir nynorskklasse.

– Det er mykje bokmål i kommunen. Sjølv om det er ein språkdelt kommune blir det aller meste i administrasjonen skrive på bokmål. Det er også to andre skular i kommunen som i dag er nynorskskular, men som har gitt signal om at dei ynskjer den same prosessen som Otta.

Viken fortel også at samtlege elevar som kom frå ein annan av kommunen sine nynorsksskular i kullet som starta opp på Otta ungdomsskule i haust gjekk over til bokmål som hovudmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...