Frå og med i dag kan du førehandsrøyste til kommunevalet. Du kan førehandsrøyste til og med fredag 9. september.
Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster. Kommunen informerer om kvar vallokala ligg, opningstider og korleis ein går fram for å røyste. Ved førehandsrøysting kan veljarane røyste i kva kommune som helst i heile landet.
Valdagen er 12. september. Nokre kommunar har todagars val, her kan veljarane også røyste søndag 11. september. På valdagen kan du berre røyste der du er manntalsført. (©NPK)