Valforskar trur kommunereforma kan føra til større engasjement rundt kommune- og fylkestinget til hausten.
– Vi trur at dette kjem til å bli ei veldig viktig sak i valkampen til hausten, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Rokkansenteret til NRK.
Han trur veljarane kanskje vil spørja etter klarare svar på kven ein vil gå saman med, kven som ønskjer samanslåing og ikkje.
– Vi som forskarar gler oss veldig. Vi ser fram til å sjå på kva som vil røra seg lokalt framover. Korleis vil partia respondera på dette? Det ser vi fram til med stor spenning, seier Folkestad. (©NPK)