Med nettstaden Vinjesenteret.no i drift om ein månad tek Vinje-senteret eit stort steg vidare mot realisering. Før den tid inviterer Nynorsk kultursentrum alle interesserte til å kommentere eit framlegg til prosjektplan som no er offentleggjort.
– Vinje-senteret skal bli det rause museet som gir publikum meir enn dei ventar og skape forteljingar om dikting og journalistikk slik ingen har fortalt før, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
I drøftingsframlegget er det gjort greie for faglege perspektiv, publikumstilbod, organisering og drift ned i minste detalj.
Initiativ og vilje i Vinje
Vinje kommune tok i 2011 initiativet til å etablere Vinje-senteret. Det skal bli ei avdeling i Nynorsk kultursentrum, som frå før eig og driv Aasen-tunet og Hauge-senteret. Vinje kommune har kosta det meste av utviklingsarbeidet og alt satsa 3,5 millionar i ymse tiltak som legg grunnlaget for Vinje-senteret.
– Vinje kommune har imponert med sin vilje til satsing, og vi er overvelda over kor velkomne vi har kjent oss i Vest-Telemark, seier Ottar Grepstad.
– Vi vil gi dei det beste vi har av idear og handlekraft, og erfaringane våre med drift seier at dei får meir att enn dei bruker. Hauge-senteret i Ulvik opna i 2014 med fire arbeidsplassar og har alt gitt Ulvik herad 12 nye innbyggjarar.
Open og inkluderande prosess
I samråd med Vinje kommune har Nynorsk kultursentrum arbeidd med prosjektplanen på ein heilt annan måte enn det som er vanleg. – Til no er det halde over 70 informasjons- og diskusjonsmøte i Telemark og andre delar av landet, frå Kulturdepartementet og mediebransje til grendelag i Vinje, seier Ottar Grepstad.
– Vinje-senteret er betre forankra enn noko anna vi har arbeidd med. Før Nynorsk kultursentrum avsluttar arbeidet med prosjektplanen, kan alle interesserte no seie si meining og kome med sine forslag innan 11. februar.
Kronesummane kjem i den endelege prosjektplanen
Budsjett for investeringar og drift kjem først i den endelege prosjektplanen.
– Dei tala legg vi fram når dei er klare, og når vi har fått rekna godt nok på dei, seier Grepstad.
– Først må ambisjonsnivået setjast, retninga avklarast og dei mange ideane drøftast. Då er tida inne for å snakke pengar. Det som er sikkert, er at Vinje-senteret blir mykje billigare enn mange av dei museumsanlegga som er opna dei siste åra.
Vinje-senteret
• Dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk
• Vil arbeide mest med romanar og noveller i diktinga og med alle former for journalistikk, men mest det skriftlege
• Opnar nettstaden Vinjesenteret.no som det første publikumstilbodet 29. februar 2016
• Vil forvalte ei stor boksamling på nesten 300 hyllemeter
• Driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum med fire fast tilsette og to deltidstilsette
• Blir etablert få hundre meter frå staden der A.O. Vinje voks opp
• Treng 550 m2 i nedlagde Vinje skule, og må byggjast om for føremålet
• Vinje kommune har løyvt 800 000 kroner til vidare arbeid i 2016
• Drøftingsframlegg til prosjektplan på over 250 sider lagt fram 21.1.2016