Heim Nyhende Frå nynorsk til nøytral

Frå nynorsk til nøytral

I morgon kveld skal Bykle kommune i Aust-Agder avgjere om dei skal bli språkleg nøytrale. Kommunen har frå før nynorsk som administrasjonsspråk.

Ifølgje Wikipedia er det i dag 156 kommunar som blir rekna som språkleg nøytrale i Noreg. 159 kommunar har bokmål som målform, medan 114 har nynorsk.

Å bli språkleg nøytral inneber at kommunen ikkje tar stilling til ei føretrekt målform. I praksis tyder det at tilsette kan nytte den målforma dei ønskjer, med mindre kommunestyret vedtar noko anna. Å vere språkleg nøytral inneber at statlege organ ikkje er pålagde å nytte ei særskild målform når dei vendar seg til kommunen. Skulemålet i ein kommune kan bli vedtatt separat.

Bykle-ordførar Jon Rolf Næss (Ap) peikar på tilflytting av folk frå heile landet og rekruttering av fagfolk som argument for å bli språkleg nøytral. Bykle kommune er i dag den største kommunen i Aust-Agder i areal med sine 1265 kvadratmeter og rundt 1000 innbyggjarar, ifølgje Allkunne.

Bykle grensar til Sirdal i Vest-Agder. Sirdal er også ein språknøytral kommune. Stabssjefen for oppvekst og levekår i Sirdal, John Birkeland, kan fortelje om røysting om målform i skulane på 80-talet.

– Då var det stort engasjement for saka i kommunen, og det blei fleirtal for vidareføring av nynorsk som målform, seier oppvekstsjefen til lnk.no.

– I og med at vi har to målformer i Noreg, er det naturleg for Sirdal å vere språkleg nøytral. Vi er opptekne av at nynorsk også blir nytta i saksutgreiingar og liknande, held han fram.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...