Heim Nyhende – Målet om landbruk over heile landet oppfylt

– Målet om landbruk over heile landet oppfylt

Nesten 400 kommunar over heile landet har minst 20 jordbruksføretak. Professor Reidar Almås ved Bygdeforskning konkluderer med at målet til regjeringa om landbruk i heile landet er oppfylt.

Ifølgje ei undersøking Nationen har gjort, har 421 av dei 429 kommunane i landet jordbruksføretak. I nærare 300 av kommunane finst det meir enn 50 bønder.

Professor Reidar Almås ved forskingsstiftinga Bygdeforskning seier at sjølv om talet på bønder i dei enkelte kommunane ikkje aleine er nok til å slå fast om målet er oppfylt eller ikkje, kan vi konkludere med at målet om landbruk i heile landet er oppfylt i dag.

– Det at næringa har ei så stor utbreiing, viser at landbruk er svært viktig for mange bygder, og at landbruket er den viktigaste distriktsnæringa her i landet. Overføringane til jordbruket er viktig for både sysselsetting og skatteinngang i mange kommunar, seier Almås.

Professoren seier at så lenge ein held oppe landbruk i dei kommunane som alltid har hatt eit landbruk, så vil han seie at målet om landbruk i heile landet er oppfylt. Han er likevel ikkje sikker på om vi kan seie vi har landbruk i heile landet om 10– 15 år.

– Jordbruksmiljøet er sårbart og nedleggingstakta høg mange stader. Fleire som har 70-talsfjøs slit med å klare å ta steget opp og fornye driftsapparatet, og drifta går gjerne fram til neste generasjonsskifte. Målet om landbruk i heile landet er det mest sårbare målet i landbrukspolitikken, seier Almås. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...