Heim Nyhende Framtida.no set nye rekordar

Framtida.no set nye rekordar

Rekordmange lesarar og meir journalistikk som blir lagt merke til.

 

I løpet av heile 2015 har over 390.000 unike brukarar vore innom den nynorske nyhende- og debattavisa for unge. Det er ein auke på 54.000 samanlikna med i 2014 – og ny rekord. I snitt var 10.800 brukarar innom Framtida.no kvar veke i 2015.

I løpet av året har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande knapt 3 årsverk, med kontor på Stord og i Oslo. Framtida.no har publisert over 2500 artiklar – noko som også er ny rekord. Sidan starten i september 2010 har Framtida.no publisert over 11000 artiklar.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 373 gonger. Det er òg ny rekord.

– Dette viser at me lagar journalistikk som blir lagt merke til, seier ein nøgd redaktør Svein Olav B. Langåker.

Vellukka debattprosjekt

I løpet av året har Framtida.no vore med på å arrangera 12 debattar og debattkurs i samarbeid med dei åtte biblioteka i Sunnhordland og skular og ungdomsråd gjennom prosjektet Me snakkast.

Då Nasjonal bibliotekstrategi blei lagt fram i haust, var debattprosjektet eitt av tre prosjekt for ungdom som blei trekt fram som gode døme.

– Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera. Etter valet fekk alle biblioteka i Hordaland kurs i korleis dei kan laga debattar i biblioteka, og me skal vera med på å arrangera fleire debattar i 2016, fortel Svein Olav B. Langåker.

Elles i 2016 skal Framtida.no satsa på spennande journalistikk for unge om forsking og få ny design på nettsidene.

Les meir i den redaksjonelle rapporten for 2015.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...