Heim Nyhende Frp og Bellona: Latterleg låg satsing på vindkraft

Frp og Bellona: Latterleg låg satsing på vindkraft


Regjeringa meiner satsinga på havvindkraft aukar ved å bruke 40 millionar kroner meir til føremålet. Ein dråpe i havet, meiner Framstegspartiet og Bellona.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å løyve 40 millionar kroner til å utvikle fornybar energiproduksjon til havs. 30 millionar av dette skal brukast på uttesting av pilot- og demonstrasjonsprosjekt. 10 millionar skal brukast på å kartleggje gode område for havvindkraft.

– Regjeringa prøver å gje eit inntrykk av at den satsar, men det er ikkje mogleg å realisere noko for ein så låg sum, seier energipolitisk talsmann i Frp Ketil Solvik-Olsen til Nationen. Han viser til at det kosta 400 millionar kroner å byggje Statoil si havvindmølle Hywind.

– Å late som om 40 millionar kroner er ei god satsing, er difor berre ein vits, seier han.

Bellona er samd.

–30 millionar held ikkje til mange turbinar. I den samanheng blir summen nærast ubetydeleg. Dersom Noreg har ein ambisjon om å liggje fremst i denne utviklinga, må potten mangedoblast i åra framover, seier energi- og klimarådgjevar Håvard Lundberg i Bellona.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) avviser at satsinga er liten.

– Det er første gong ei regjering i Noreg satsar såpass mykje på havvindprosjekta. I motsetnad til tidlegare, skjer det verkeleg noko no. Vi skal utvikle teknologi som gjer vindkraft billegare. Vindkraft skal bli stort også på land, men det verkeleg store vindkrafteventyret i Noreg vil komme offshore, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...