Sogn og Fjordane Arbeidarparti støttar sidemålsordninga i ei nyleg publisert fråsegn.
I fråsegna heiter det mellom anna: «For nynorskelevane er det ikkje noko val, dei må greie å skrive sidemål for å kunne ha eit breitt grunnlag for sine yrkesval. Så dominant er bokmål som bruksspråk både i privat og offentleg verksemd, og ikkje minst i media. Difor er debatten om sidemål ein debatt om eksistensen til nynorsk.»