Heim Nyhende Heidra for nynorsk barne-tv

Heidra for nynorsk barne-tv

 

 

Eva Westvik får Sogn og Fjordane Mållag sin målpris for seriane Her er eg og Klart eg kan som blir vist på barne-tv på NRK Super.

 

Prisen vart delt ut av lokallagsleiar Aud Lunde på Sogn og Fjordane Mållag sitt årsmøte.

– Du får prisen fordi du er med å skape gode språklege førebilete for ungane i Sogn og Fjordane og heile landet, sa Lunde.

Sjølv er prisvinnaren stolt over å bli lagt merke til og meiner det er viktig for sjølvkjensla til borna at kvardagen og språket deira blir vist fram på barne-tv. Westvik er busett i Måløy og tilsett i NRK. Ho har dei siste åra arbeidd på heiltid med å lage eigenutvikla nynorsk barnetv i NRK Super. Ho har laga 39 episodar av serien Her er eg, og er no i gang med oppfølgjaren Klart eg kan. Programma handlar om born frå nynorskområde og deira liv, seriane er også selde til ei rekkje andre land, kjem det fram i ei pressemelding.

– Eva Westvik har brote isen og vist at barnetv med god kvalitet kan lagast utanfor Oslo, også på nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård om prisvinnaren.

– Born i Noreg bør møte både nynorsk og bokmål i eigen kvardag så tidleg som mogleg. Då er Klart eg kan – serien viktig for språkleg sjølvtillit og sjølvkjensle til born i nynorskområde, slår Øvregård fast.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...