Heim Nyhende Folkerøysting om skulemål i Sel

Folkerøysting om skulemål i Sel

Ei rådgjevande folkerøysting om skulemål på Otta skole i Sel kommune måndag resulterte i 103 stemmer for bokmål og 76 for nynorsk. Skulen har nynorsk som hovudmålform i dag.

Sist oppdatert: 14. mars 07:15

Otta skule er ein nynorskskule, men har vore språkdelt i mange år. Ifølgje Sel kommune har praksisen vore at foreldra melder frå ved skulestart kva målform dei ønskjer for barnet sitt. Dei første åra fordelte talet på nynorsk og bokmålselevar seg nokså jamt, med ei overvekt av bokmål eitt år og ei overvekt av nynorsk eit anna. Tala frå skuleåret 2010-2011, som vart lagt fram for kommunestyret i fjor vår, viste at 23 prosent av elevane frå 1. til 6. klasse hadde nynorsk som si hovudmålform, medan 77 prosent hadde bokmål. Opplæringslova opnar for at det kan opprettast klassar i den andre målforma når ti eller fleire elevar krev det.

Dei andre skulane i Sel kommune har nynorsk som hovudmålform. Sel kommune er ein språknøytral kommune.

– Den utløysande faktoren for ei folkerøysting var at FAU ved Otta skole bad om at det vart sett på dette med målform. Over tid har ein sett at dette er ein nynorskskule kor berre rundt 20 prosent av foreldra vel nynorsk, seier ordførar Dag Erik Pryhn (Ap) til LNK.no.

Kommunestyret i Sel vedtok derfor i mai i fjor å få ei rådgjevande folkerøysting om eit eventuelt skifte av målform frå nynorsk til bokmål, og denne folkerøystinga vart halde måndag 12. mars i år. Berre 6 prosent av dei som har stemmerett i saka stemde ved folkerøystinga.

– Eg registrerer at engasjementet er relativt labert, seier Pryhn. – Etter mi meining har kommunen orientert godt om det som skal skje, gjennom brev til foreldra, infomøter, informasjon til FAU og omtale i media.

Det vart halde eifolkerøysting om målform også i 1971, som den gong resulterte i eit fleirtal for bokmål på Otta skole. Den gongen var frammøteprosenten på 40. Men kommunestyret meinte  at deltakinga var for dårleg til at ein ville gjere endringar basert på folkerøystinga, og Otta skole haldt fram med å vere ein nynorskskule. Kva som blir utfallet denne gongen, vågar ikkje Pryhn spå. Det er kommunestyret som skal ta den endelege avgjerda om målform, og ordføraren reknar med at saka kjem opp etter påske.

– Kva meiner du sjølv om byte av målform på Otta skole?

– Eg har eit pragmatisk syn på dette. Eg er ikkje verken tilhenger eller mosttandar av nynorsk. Sjølv bruker eg mest bokmål. Men eg meiner vi må lytte til brukarane våre i denne saka, som på andre område, og terrenget her har vore ganske tydeleg i mange år, seier ordførar Pryhn. Han kan òg fortelje at to andre skular i Sel kommune har vendt seg til kommunen og bede om å få ta si målform opp til revurdering. Desse er to reine nynorskskular som ikkje har vore språkdelt slik som Otta skole.

– Dette har vi ikkje tatt stilling til enno, seier Dag Erik Pryhn.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...