Anniken Huitfeldt opna i dag Garborgsenteret.
Opningsfesten i dag var starten på ei lita veke med festprogram. Her er blant anna litterær lunsj med Brit Bildøen, stand-up-show med Rune Bjerga, Garborgseminar, eit løp i fotspora til Arne Garborg, bokprat og rollespel.
– No er alt klart og festen kan starte, seier dagleg leiar ved Garborgsenteret Inger Undheim med engasjement i stemma til NPK og legg vekt på at ein allereie har tatt i mor skuleklassar og sett at utstillinga vart tatt godt imot.
Garborgsenteret i Bryne tek sikte på å vere ein nasjonal formidlingsarena som skal fremje interessa for Arne og Hulda Garborg. Målet er at senteret skal inspirere til samfunnsengasjement, til å lese og skape, og samtidig vere ein sosial møtestad.