Heim Nyhende Diktarvegen slit med finansieringa

Diktarvegen slit med finansieringa

Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is på grunn av manglande finansiering. No snører også kommunaldepartementet pengesekken igjen.

 

– Diktarvegprosjektet er lagt sovande enn så lenge, då det ikkje lukkast å finansiera prosjektet. Verken departement eller fylkeskommunane har løyvd midlar til prosjektet, trass i forskingsrapporten som viser at dette er eit godt prosjekt, seier Solfrid Borge som er styreleiar i selskapet Fjordvegen Diktarvegen.

Ho meiner organisasjonen har gjort eit tappert forsøk på å få realisert prosjektet, men utan å lukkast.

– Kanskje har me ikkje vore tydeleg nok i søknadane om midlar til prosjektet. Eg trur dessutan at dei som har vore mottakar av søknadane, ikkje heilt ser for seg koplinga mellom vegmidlar og kulturopplevingar, seier Borge.

Statssekretær Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim kan ikkje love meir midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til prosjektet Diktarvegen. I 2009 fekk prosjektet 700 000 kroner frå departementet, noko som førte til at prosjektet kunne starte opp.

– Diktarvegen søkte også i 2010 og 2011 om midlar, men nådde diverre ikkje opp. Dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å søkje om bulystmidlar i 2013 også, men me kan ikkje love noko; potten med bulystmidlar er heller ikkje så stor, seier Tvinnereim.

Ho legg ikkje skjul på at departementet no ikkje har konkrete planar om å støtte Diktarvegen med meir midlar.

– Kva tenkjer du om at prosjektet no er lagt på is?

– Det er synd. Dei må prøve å få inn midlar frå andre finansieringskjelder, men det veit eg at dei har prøvd. Nokre resultat er oppnådd, og det er bra. Blant anna var det eit delmål at kommunane – slik eg forstår det – skulle jobbe meir med omdømmebygging. Det har dei til dels klart, men så er det andre element dei ikkje har klart å få til, diverre.

Generalforsamlinga har no bestemt at selskapet vert lagt på is ei stund før ein tek endeleg avgjerd om selskapet sin eksistens. Samstundes vil IS Fjordvegen, som er eit reindyrka vegselskap, verte aktivisert på nytt.

– Me hadde stor tru på diktarvegprosjektet, der ein kunne kombinera opplevingar med vegen. Men slik gjekk det altså ikkje, så no får me ta ein tenkjepause, seier Solfrid Borge.

Styret i LNK eig prosjektet Diktarvegen og drøfta i sitt førre styremøte om det er grunnlag for vidare drift. Konklusjonen vart at LNK skal ta endeleg stilling til dette på sitt neste styremøte i september.

Dagleg leiar i Den norske bokbyen i Fjærland, Eivind Ødegård, hadde forventa at vegen skulle kunne gje ei oppleving til dei som er interesserte i litteratur.

– Slikt er sjeldan kost og går i alle fall godt saman med siktemålet for bokbyen, slår han fast. Og han er ikkje i tvil om kva som har vore bremsen i prosjektet; finansiering.

– Kva kunne vore gjort annleis undervegs?

– Eg kunne tenkt meg meir vekt på «diktar» og mindre på «veg», og med det siktemålet burde eigentleg vegstrekninga vore ein annan. Det er trass alt ganske langt frå dei ulike diktarheimstadene til den vegstrekninga som fekk namnet Diktarvegen. For meg såg dette mest ut som eit lett forkledd samferdsleprosjekt, utan nok vekt på opplevingane til dei som reiste langs vegen, meiner Ødegård, som legg til at organisasjonen også burde samarbeidd med andre partar enn Fjordvegen.

Fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad, forventa også at Diktarvegen skulle bli eit kulturprosjekt.

– Eg såg føre meg eit prosjekt som skulle løfte fram dei aktuelle forfattarane – enkeltvis og samla. Ny kunnskap om forfattarane, nye perspektiv på forfattarskapane og nye grep i formidlinga, seier ho.

I staden er no prosjektet lagt på is. 

– Kva kunne vore gjort annleis undervegs?

– Utan å ha full innsikt i kva som er gjort, er det ikkje så lett å vere konkret på dette. Det er likevel eitt punkt eg trur ofte vert undervurdert, og det er den lokale og regionale forankringa.

Erikstad stussa veldig då ho fekk høyre om samanslåinga til eitt selskap.

– Eg har ikkje forstått dei råda som ligg bak dette. Eg trur Diktarvegen i mykje større grad kunne ha etablert seg som eit kulturprosjekt med sterk forankring til lokale, regionale og nasjonale kulturaktørar. Så kunne ein ut frå dette etablert samarbeid med ulike lokale og regionale næringsaktørar i den grad dette ville vere naturleg for prosjektet som kulturprosjekt, meiner direktøren.

Idémakar og tidlegare fylkesordførar i Rogaland, Roald Bergsaker, seier til Stavanger Aftenblad at han undrar seg over at ikkje fylkeskommunane ser den ressursen Diktarvegen kan bli for ei litteraturrute på Indre Vestlandet.

– Det er eit spanande samarbeid, der kultur og samferdsle går saman. Me ser det gjev resultat for desse diktarprosjekta, men òg for nye kultur- og litteraturprosjekt som finn stad langs ruta, seier han.

 


 

Diktarvegen

Prosjektet hadde som visjon å bli den første litteraturruta i Noreg. Diktarvegen skulle gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn fram til Sunnfjord i Sogn og Fjordane.

Desse er med: LNK, Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-markeringa, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivlelaget og Jakob Sande-stiftinga. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...