Sindre Guldvog blir ny direktør i Norsk filminstitutt.
– Med Sindre Guldvog får me ein dyktig leiar i NFI, som kan vidareføre det gode arbeidet noverande direktør Nina Refseth har utført. Hans lange erfaring frå kulturbransjen, filmformidling og hans innsikt i den teknologiske utviklinga innan kulturområdet vil vere viktig i dei utfordringar me står framfor på filmområdet framover, seier kulturminister Hadia Tajik.
Guldvog har omfattande toppleiar- og styreerfaring frå kulturbransjen, blant anna som konsernsjef i Cappelen og direktør for Bonnier Norge. Han har vore styremedlem i Den norske forleggerforeningen, SF Norge og SF Kino og Bonnier Multimedia, heiter det i ei pressemelding.
Direktøren blir tilsett av Kulturdepartementet og stillinga er eit åremål på seks år.