Heim Nyhende Han gir deg Trump på nynorsk

Han gir deg Trump på nynorsk

Den nye Allkunne-redaktøren Per Magnus Finnanger Sandsmark ønskjer å få folk som trur dei ikkje likar noko som helst, til å like kva som helst.

– Eg gler meg til å vere med på å gjere det enklare for folk å finne svar på det dei lurer på, anten det er Kygo, matematikk eller Luther-jubileet, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark (27). 

1. februar tek han til som redaktør i det nynorske leksikonet Allkunne, ei stilling han arvar frå Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Frå kontoret i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda, skal han vere med på å utvikle nettleksikonet vidare. God og korrekt kunnskap til folket er noko den ferske redaktøren brenn for i desse falske nettnyheiter-tidene.

– Det er viktig for meg at folk lett kan finne fram til kvalitetssikra kunnskap der det er tydeleg kven avsendaren er, seier Sandsmark.

Trump og nynorsk
I dag inneheld Allkunne i overkant av 23.000 artiklar. Målet framover er å få både fleire artiklar og fleire brukarar. Redaktøren håpar å kunne røkte eit leksikon som er viktig for både skuleelevar og nyfikne nettbrukarar. 

– Det må vere slik at når ein gjer lekser og googlar noko, så må det finnast fakta på det språket ein sjølv skriv. Vi må bli meir relevante for fleire, seier Sandsmark. 

Han fortel at to av dei sterkaste felta til Allkunne for tida er nynorsk kulturhistorie og aktuelle emne. 

– Vi har vore veldig flinke til å følgje opp det som skjer med ferske artiklar, til dømes om Trump og om Vigdis Hjorth, som var aktuell i samband med debatten om verkelegheitslitteratur i haust. 

LES OGSÅ: Trump er ein eigen og tverr kar – på nynorsk

Skap-vestlending
Per Magnus Finnanger Sandsmark vaks opp i Halden «i ein sånn familie der alle fire snakka ulik dialekt». Sjølv har han enda opp med ein slags hybrid, og trivst heilt fint med det. 

Etter studieår i Oslo og Bø i Telemark der han utdanna seg til kulturhistorikar og museolog, gjekk vegen til Ulvik i Hardanger og jobben som formidlar på Olav H. Haugesenteret. 

– Der hadde eg det veldig gøy med å få folk som trudde dei ikkje likte dikt til å like dikt. Så no skal eg motivere folk som trur dei ikkje likar noko som helst til å like kva som helst, fortel han. 

Å flytte til Sunnmøre ser han heller ikkje mørkt på. Med familieband både til Rogaland, Nordfjord og Sunnmøre, har han alltid følt seg heime når han vender nasen vestover.

– Sjølv om Volda er 10 gonger så stort som Ulvik, er inntrykket bra så langt, flirer han, og forsikrar:

– Eg trivst godt med både vestlandsk humor og vestlandsk klima. 

«Syng ein song på norsk, då!», skriv Per Magnus Finnanger Sandsmark i ei oppmoding til den nye MGP-generalen.

Solid lag
Når Per Magnus Finnanger Sandsmark først set seg i redaktørstolen, kjem han ikkje til å la seg trille vekk av dei som stiller spørsmål ved alderen hans. 

– Ja, eg er ganske ung, men eg blir jo stadig eldre, så det ser eg ikkje på som eit superproblem, flirer han. Eg trur det er positivt når eg skal arbeide med digital formidling, eg er ein del av den første generasjonen som har vakse opp med det digitale, peikar han på.

Allkunne er uansett ikkje noko enkeltpersonføretak. Sandsmark får både ein erfaren redaksjonssekretær, redaksjon og røynde forfattarar i ryggen. Alle som skriv for leksikonet har minst mastergrad i det dei skriv om. Arbeidsdagen til redaktøren vil gå med både til å leite etter bilete til artiklane, tinge nye og å få tak i nye forfattarar som er trygge i både faget sitt og språket. 

– Så skal vi saman finne ut av korleis vi best mogleg skal formidle den kunnskapen, fortel Sandsmark.

LES OGSÅ: Erik Bolstad bløffa på jobbintervju hjå NRK, og vart pappaen til Yr.no

18-åringen er målet
Utfordringa for Allkunne i framtida blir å finne fleire bein å stå på, både innhaldsmessig og finansieringsmessig, trur den påtroppande redaktøren. I dag får leksikonet ei fast overføring over statsbudsjettet, men skulle gjerne hatt meir å rutte med for å kunne vekse.

Ei anna utfordring er å appellere til dei yngste. Når leksikonforfattarane jobbar med ein tekst, er det den heilt vanlege 18-åringen dei har i hovudet. Språket og innhaldet skal liggje på eit nivå som er godt forståeleg for vidaregåande-elevar – for då vil det truleg også appellere til både dei som er eldre og litt yngre.

Per Magnus Finnanger Sandsmark må dermed ha mange tankar i hovudet når han skal følgje med på kva tema som blir viktige for leksikonet å dekke i tida framover. 

– Arbeidsdagane mine vil bli veldig varierte. Eg kjem til å lese og skrive mykje, og så må eg halde meg oppdatert. Eg må følgje med på alt frå valet i Frankrike til kva som blir det nye temaet i «Skam» og dermed kjem til å bli diskutert mykje det neste halvåret.

Les meir om Allkunne her!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...