Heim Nyhende Har ikkje planar om å tilsetje fleire fleirkulturelle

Har ikkje planar om å tilsetje fleire fleirkulturelle

Berre to av ti bedrifter har ambisjonar om å tilsetje fleire utanlandske medarbeidarar.

 

Det kjem fram i ei undersøking Opinion har gjort for Experis, ManpowerGroup. I undersøkinga kjem det fram at norske bedriftsleiarar synest fleirkulturelle medarbeidara tilfører næringslivet unik kompetanse og gior bedriftene eit konkurransefortrinn. Men trass i dei positive haldningane til utanlandsk arbeidskraft, ser dei ikkje for seg å tiltrekkje seg fleire fleirkulturelle arbeidstakarar.

Bedriftsleiarane som er spurde i undersøkinga oppgjer tilsetjingsstopp som den viktigaste årsaken til at dei ikkje tilset fleire utanlandske medarbeidarar, og seier dessutan at dei tilset dei som er best kvalifiserte for jobben, uavhengig av etnisk bakgrunn.

Samstundes seier fire av ti at dei er samde i påstanden om at fordommar hjå arbeidsgjevarane er den viktigaste årsaken til at fleirekulturelle arbeidstakarar ikkje får seg jobb.

– Det ser ut til å vere stor skilnad på kva ein svarar om seg sjølv, og kva ein svarar om andre arbeidsgjevarar. Få meiner at dei sjølve har feil haldningar, men at mange andre har det. Det kjem tydeleg fram i spørsmålet om språk er ei barriere: Svært få svarar at språkproblem er årsaken til at dei sjølve ikkje vil tilsetje fleire fleirkulturelle, medan 73 prosent er samde i at manglande språkkunnskap er eit hinder for å få jobb etter kvalifikasjonane sine, seier Maalfrid Brath, konsernsjef i ManpowerGroup, i ei pressemelding.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...