Haugesund og Sveio har no underteikna ein intensjonsavtale om samanslåing.
Avtalen vart underteikna av Sveio-ordførar Jorunn Skåden og Haugesund-ordførar Arne Christian Mohn på rådhuset i Haugesund tysdag morgon, melder Haugesunds Avis.
Det er førebels ikkje klart kva namn ein eventuell ny kommune skal få. Dato for den moglege samanslåinga er 1. januar 2020.
Dei to kommunane sender no saka vidare til innbyggjarane. Sveio har enno ikkje bestemt seg for om dette skal skje i form av ei folkeavstemming eller ved ei spørjeundersøking. Haugesund har bestemt seg for å gjennomføre ei spørjeundersøking og to folkemøte. (©NPK)