Heim Nyhende Heidrar nynorskeleven i Oslo

Heidrar nynorskeleven i Oslo

Kjartan Fløgstad meiner nynorsken som riksspråk er trua. I ein kronikk i Aftenposten heidrar han den einaste nynorskeleven i Oslo,Medna Israilova. 

– Det er litt skummelt å bli dratt fram òg. Det kjennast litt som eg er den einaste i heile Noreg som brukar nynorsk, seier Medna til Framtida om kronikken Fløgstad har dedisert til henne.

– Eg trur nokre kan få problem når dei blir eldre viss dei ikkje har hatt nynorsk, men samstundes tykkjer eg elevane må få velje sjølv, seier Medna som ikkje ser på seg sjølv som noko nynorskforkjempar, ho berre skriv nynorsk ho.

Fløgstad meiner nynorsken som riksspråk er i fare, trass i at nynorsk dikting “aldri har stått sterkare” og at nynorsken er både “breiare og høgare og lågare og spissare og har større vitalitet enn nokon gong”.

Fløgstad går også hardt ut mot eit intervju Aftenposten hadde med Medna Israilova.

– Ein kunne jo tenkt seg at denne modige jenta ville bli hylla redaksjonelt for sitt bidrag til mangfald og språkleg fridom. Kanskje til og med få ein ytringsfridomspris? Kva med institusjonen Fritt Ord? Men nei, slett ikkje og tvert imot. I staden blir innvandrarjenta hengt nådelaust ut. “Medelevene hater nynorsk”, slår Aften påpasseleg fast, utan kjeldetilvising. “Nynorsk er en pest og en plage,” er ei anna overskrift frå same tid, i same avis.

Les heile kronikken til Kjartan Fløgstad her.

Førre artikkelInternasjonale tonar i Førde
Neste artikkelLNK tilbyr

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...