Heim Nyhende Høge kunstnarlege ambisjonar har gitt solide inntekter og rekordhøgt besøk

Høge kunstnarlege ambisjonar har gitt solide inntekter og rekordhøgt besøk

Publikumstalet har dei siste seks åra lege på over 200 000, ein stabilitet teateret er særs nøgd med. 

Heile 219 643 besøkte Det Norske Teatret i 2016 (220 357 for 2015) og dei samla billettinntektene på 42,7 mill er tett på rekordinntektene frå 2015 (43,9 mill). Eigeninntekta var 54 mill (55 129 mill) og driftsresultatet viser 4,1 mill kroner.

Ved å bygge på dei styrkane teateret alt har, ønskjer teateret å vidareutvikle både den kunstnarlege kvaliteten og publikumstilbodet. Ambisjonen er at teateret til ei kvar tid skal ha eit engasjerande og godt tilbod til barn, og vere attraktivt også for ungdom. Musikkteateret skal vere kunstnarleg sterkt og utvikle sjangeren vidare. Ikkje minst er ambisjonen å nå ut til nye publikumsgrupper, både lokalt og nasjonalt, gjennom samarbeid og nytenking.

Dristige satsingar
2016 var eit kunstnarleg svært allsidig år, med mange urpremierar og ein uttrykt vilje til å satse på nytt og norsk. Den produksjonen ein særleg vil hugse dette året, er Andre verdskrigen – Natt i verda, ein urpremiere som spelte 8 timar gjennom heile natta like til morgongry. Teaterets ambisjon er å utvikle musikalsjangeren gjennom dristige val. Vi opna 2016 med Noregspremiere på Tenk om, ein kompleks og utfordrande musikal. Her bygde opphavsmennene York og Kitt handlinga rundt byplanlegging i New York, fint tillempa til lokale forhold av teatrets krefter. Musikken hadde òg ein stor plass i Bjørn Eidsvågs oppgjer med ulike framstillingar av Jesus i Etterlyst: Jesus. Ei framsyning som blei omfamna av både kritikarar og publikum.

– Det Norske Teatret held fram som eit teater med stor aktivitet, og med eit omfattande og utfordrande repertoar, med hovudvekt på avgjerande tema i samtida. Året vi har lagt bak oss understrekar ønsket om å vere ein debattarena, ein samfunnsaktør. Produksjonane våre blir lagt merke til, diskuterte og anerkjente, seier teatersjef Erik Ulfsby i ei pressemelding.

Gode publikumstal
Den best besøkte framsyninga i fjor var Etterlyst: Jesus med 34 210 publikummarar, med Tenk om på neste plass med 16 348 besøkande. På Scene 2 er det Romeo og Julie som har trekt størst publikum med 7 947 besøkande medan dramatiseringa av Fugletribunalet av Agnes Ravatn heldt fram med dei gode publikumstala. Med 5 711 selde billettar i 2016 kom det totale besøkstalet opp på til saman 12 576 for heile speleperioden (6 685 så Fugletribunalet i 2015). På Scene 3 sluttar ikkje Det merkelege som hende med hunden den natta (3 795) å begeistre, medan Haugtussa har samla 2 098 besøkande i sitt fjerde år på repertoaret.

– Teateret står kunstnarleg sterkt og har no oppnådd eit stabilt høgt publikumsbesøk dei seinare åra. Dette inntektsnivået vil gi oss handlingsrom til ei meir ekspansiv kunstnarleg verksemd, med nye satsingar og høve til å ta høg kunstnarleg risiko. Sjølve teaterbygget er no nesten maksimalt utnytta for repertoarteater, og teateret må søkje nye framsyningsstader eller tidspunkt om ein skal vekse meir, seier styreleiar Nina Refseth.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...