Heim Nyhende Høgre svarar om språk

Høgre svarar om språk

Erna Solberg og Høgre svarar på kva dei vil med nynorsken i framtida.

Kva vil ditt parti gjere med nynorsken? Høgre vil behalde og vidareutvikle båe målformene.

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål? Kultur og språk er grunnlaget for identitet og tilhøyrsle, men også viktig for å forstå andres kultur og religion. Høgre ønskjer eit mangfaldig og variert kulturliv kor flest muleg får høve til å delta og bidra. Målet er at norske kulturutøvarar skal kunne hevde seg i verdsklassa. Høgre vil føre ein politikk som tar vare på og utviklar norsk språk.

Vil ditt parti styrke nynorsk opplæring for innvandrarar? Høgre vil utvide talet på norsktimar i introduksjonsprogrammet til 300, og ytterlegare 300 viss ein ikkje består ein språktest.

Kva meiner ditt parti må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris? Opplæringslova slår fast at bøker i båe målformer skal vere tilgjengelege for elevane, slik at dei lærer båe språka. Regjeringa har eit klårt ansvar for å sjå til at dette blir etterfølgt i praksis, og eventuelt følgje opp med tiltak dersom dette ikkje skjer.

Finst programmet til ditt parti på nynorsk? Programmet finst både på bokmål/nynorsk samt på lydfilar.

Har ditt parti valmateriell på nynorsk? Vi har noko på nynorsk – ikkje minst sjølve programmet.

Er nettsida dykkar på nynorsk? Nettsidene er i hovudsak på bokmål, men somme av fylka/lokallaga har det på nynorsk. Det er dei einskilde fylkeslag/lokallag som avgjer kva for målform dei ønskjer å bruke.

Førre artikkelSV svarar om språk
Neste artikkelSp svarar om språk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...