Heim Nyhende I kampen for nynorsk

I kampen for nynorsk

Elevar på Firda vidaregåande skule går i kampen for nynorsk – på Facebook. Lærar Ingrid B. Håheim meiner dette kan styrke språkvalet til ungdommane.

– Kva prosjekt er dette?

– Facebook-sida vår er ikkje eigentleg eit prosjekt, men meir eit stunt. Me kastar eit snøre ut i eteren og ser kva som nappar. Årsaka til at eg som lærar kom på dette, var eit samarbeidsprosjekt mellom dei vidaregåande skulane i Valdres og Firda. Medan ungdommane i Firda held bra på nynorsken, har dei lettare for å gå over til bokmål i Valdres. Difor har norsklærarane samla seg for å sjå på kva ein kan gjere.

– Kvifor Facebook-side?

– Sidan eg føler klassen min er godt festa i valet sitt om å bruke nynorsk, fekk eg lyst til å skape debatt om nynorsk. Kanskje det å møte motstand på nettet kunne få elevane til å debattere og reflektere meir over sitt eige språk? Me vil gjerne vise andre at nynorsk kan brukast i anna enn dikt. «Nynorsk er så vakkert i dikt» er ei utsegn som eg er utruleg lei av. Me vil trekkje nynorsken ut av nasjonalromantikken og bunadsskogen og vise det som eit moderne og bruksvennleg språk ein kan bruke til alt.

– Korleis er responsen på sida?

– Det er i dag 159 som likar sida vår. Eg veit ingenting om Facebook og synest det kan vere ein kaotisk stad, difor lærer eg noko nytt heile tida. Me sjekkar sida i norsktimane, ser om det er kome interessante innspel, og prøver å finne på noko nytt å ta opp.

– Kven er lesarane på sida?

– Me har sett at namnet vårt kanskje hindrar oss i å nå dei som ikkje likar nynorsk, så me har diskutert om me skal skifte namn. Me har i tillegg lagt ut ei kartlegging som me håpar fleire svarer på. Kartlegginga viser så langt at det er «truande» nynorskbrukarar som les oss. Likevel er det interessant å sjå kor mange ulike folk som markerer at dei likar oss.

– Kva ynskjer de å oppnå?

– Eg håpar dette kan vere ein aktivitet som kan vere med på å styrke unge nynorskbrukarar i deira val om halde fram med å skrive nynorsk. Politikarane gjer det ikkje lett for dei, og det er eigentleg eit under at det i det heile er att nokon som vel å skrive på nynorsk.

– Framtidsplanar?

– Me har lurt på om me skulle starte ein biletserie som heiter «Eg skriv nynorsk», og ta bilete av alt og alle som er så langt unna nasjonalromantikken som ein kan tenkje seg. Og toppe det med to fine frognerfruer på Grand.


Namn: 3STA ved Firda vidaregåande skule og lærar Ingrid B. Håheim

Bur: Sandane i Sogn og Fjordane

Aktuell: Har starta Facebook-sida «Kampen for nynorsk», som skal skape debatt om språk og nynorsk. 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...