Heim Nyhende Nynorskdiagnosen

Nynorskdiagnosen

Tre av fire helseføretak i Helse Vest har nynorsk som tenestemål. Det er ikkje alltid like enkelt.

 

 

Dei siste to åra har Språkrådet fått inn 10 klagesaker på målbruken i helseføretaka i Helse Vest. Ei av klagene rettar seg mot Helse Fonna, ei mot Helse Vest og resten mot Helse Bergen. Helseføretaka som ligg innunder paraplyen Helse Vest, er: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger. Alle utanom Stavanger har nynorsk som tenestemål, helseføretaket i oljebyen er derimot språknøytralt.

Språkrådet har ikkje direkte tilsyn med målbruken i helseføretaka slik dei har med statlege organ, derimot blir tilsynet basert på klagesakene som kjem inn.

– Dei fleste klagene som kjem inn, går på at helseføretaka ikkje er flinke nok til å bruke nynorsk i lysingar, informasjonsmateriell, skilt og på nettsider, seier Daniel Ims, som er rådgjevar i Språkrådet.
Han meiner det er ein stor forskjell på kor mykje nynorsk det blir brukt i helseføretaka, og meiner Helse Førde er best i klassen, medan Helse Fonna og Helse Bergen ligg nederst på stigen.

– Ein grunn til at me har fått inn mange klager på Helse Bergen, er at Haukeland universitetssjukehus i Bergen hadde bokmål som tenestemål fram til dei vart lagde under mållova i 2004. Då vart overgangen til nynorsk truleg krevjande, seier Ims.

Tidlegare i haust klaga barnelege Anders Alme ved Haukeland universitetssjukehus på taleattkjenningsprogrammet, som ikkje forsto nynorsk. I det taleattkjenningsprogrammet som blir brukt rundt om i helseføretaka, blir det som legen dikterer inn, skrive på bokmål.

– Programmet skjønnar rett og slett ikkje kva eg seier. I staden må eg bruke gamlemåten med å lese inn på diktafon og få det skrive ut av sekretærane, uttalte Alme til Bergensavisen.

Kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli, meiner dette er eit problem som ikkje helseføretaka har påverknad på.

– Det er firmaet som lagar programmet, som må gjere noko med dette. Helse Bergen valde å ta programmet i bruk sjølv om det berre var ein bokmålsvariant tilgjengeleg, men i ettertid har vi òg teke initiativ til å få på plass ein nynorskversjon. Denne blir køyrt som ein pilot i Helse Førde no, og om ikkje altfor lenge vil han vere i bruk òg hjå oss, seier Høgli, som meiner det er naturleg at helseføretaka skal fylgje mållova, trass i at utfordringar kan dukke opp.

– Sjukehuset vårt ligg midt i Bergen by, som er eit bokmålsområde, og folk har vanskeleg for å akseptere at me skal bruke nynorsk. Når klagene kjem, må me berre forklare at slik er lova.

Helse Bergen hadde kurs i nynorsk då dei i 2004 fekk nytt tenestemål. Dei prøver òg å ha ein viss kvalitetssjekk med det som blir skrive av informasjonsmateriell og lysingar.

– Men mykje av dette blir skrive av fagfolk, og skulle alt ha vore innom oss i kommunikasjonsavdelinga, trur eg me burde ha vore fleire i avdelinga. Ein må hugse på at dette er ein stor organisasjon, med 12 000 tilsette, seier Mona Høgli.

– Mållova tel talet på bokmålskommunar og nynorskkommunar når ein skal bestemme kva tenestemål som skal nyttast.
Det betyr at små nynorskkommunar tel, men at Bergen, som er ein stor språknøytral kommune, ikkje tel i den vurderinga, seier Høgli.

I 2004 hadde Bergen universitetssjukehus fleire hundre millionar kroner i underskot. Difor såg ikkje leiinga ved sjukehuset det naturleg å bruke 20 millionar kroner på å skifte skilt frå bokmål til nynorsk.

– Det vart derimot bestemt at ein skulle bytte ut skilta etter kvart som dei måtte skiftast ut av andre grunnar, og då naturlegvis skifte målforma på dei. No hadde me ein situasjon der det var mykje feilskilting på området. Vi bestemte oss for å skifte ut ein del, så nå kjem mesteparten over på nynorsk, meiner kommunikasjonsdirektøren.

Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae, meiner det overordna blir gjort mykje godt målbruksarbeid i helseføretaka, men slår fast at det er mange tilsette over store område, og at glippar i målbruken kan skje. 

– Den store utfordringa er at mange av dei tilsette er bokmålsbrukarar som ikkje er så komfortable med å skrive nynorsk. Då er det viktig at helseføretaka legg godt til rette for dei med kursing og oppdateringar på språklege endringar, seier ho.

Sjølv har Helse Vest kursing både i nynorsk og i klart språk minst éin gong i året for dei tilsette. Også ho meiner det er naturleg at nynorsk har vore eit heitt tema i Bergen.

– I Bergen brukar dei fleste bokmål, og det er heilt naturleg at dette blir eit diskusjonstema der, seier ho.

– Korleis kan ein bli betre til å bruke nynorsk ?

– Eg trur det viktigaste er å vere oppteken av at ein er tydeleg og klar uansett målform når ein kommuniserer med pasientar.

Daniel Ims i Språkrådet fortel at dei har fått signal om at målbruken ikkje held heilt mål i Helse Fonna.
Me prøver absolutt å bruke nynorsk, men me har ei klar utfordring i å få inn nynorsk-kompetanse i organisasjonen, spesielt ved sjukehuset i Haugesund, der dei fleste er bokmålsbrukarar, seier kommunikasjonsrådgjevar Eirik Dankel i Helse Fonna.
Han meiner Helse Fonna er ganske gode på nynorsk når det gjeld informasjonsmateriell, nettsider, magasin og lysingar. Men skiltinga er ei vanskeleg sak.

– Me må vedgå at ikkje alle skilt er på nynorsk, nei. Her heng nok noko igjen frå ei anna tid, seier Dankel.
Helse Fonna er i ferd med å ta i bruk taleattkjenningsprogrammet. Eirik Dankel trur ikkje språk har vore eit tema i den vurderinga, men seier dei kjenner att utfordringane som Førde og Bergen har hatt.

Daniel Ims i Språkrådet meiner språkblanda område er den største grunnen til dei språklege utfordringane.

– Eg trur mykje av dette handlar om at områda er språkblanda, det ser ein òg ved at problema er mindre i Helse Førde enn i Helse Bergen. Det har òg mykje med kultur å gjere.

Resten av av helseføretaka i landet er enten språklege nøytrale eller brukar bokmål som tenestemål.

– Når dei er nøytrale, fører det som regel til at dei brukar bokmål. Det er jo rimeleg å forvente at også dei skal bruke ein del nynorsk,men det trur eg det er mindre av.

Førre artikkelI kampen for nynorsk
Neste artikkelStøttar Unge Venstre

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...