Innbyggjarane i Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne seier tydeleg nei til kommunesamanslåing.
Viss dei fire kommunane hadde slått seg saman, kunne dei blitt den åttande største kommunen i landet målt etter dagens kommunestørrelsar. Innbyggjartalet ville då blitt cirka 21.500, men no ser planen om ein storkommune inst i Ryfylke ut til å havarere, skriv Stavanger Aftenblad.
Etter å ha gjennomført innbyggjarundersøkingar i alle dei fire kommunane, er svaret negativt over heile linja.
Eitt av argumenta mot samanslåing i indre Ryfylke har vore dei store avstandane og lang reisetid, skriv avisa. Frå Sauda tek det 50 minutt å køyre til Sand i Suldal, over timen til Ølen i Vindafjord, og endå lengre til Etne. (©NPK)