Heim Nyhende Islendingesagaene i ny drakt

Islendingesagaene i ny drakt

Islendingesagaene vert no, for første gong, omsett til dei tre skandinaviske språka samstundes.

Dei norske tekstane er det forfattarane Roy Jacobsen og Edvard Hoem som står for. Hoem set om til nynorsk og Jacobsen til bokmål, melder Dagsavisen.

Arbeidet med å få gitt ut islendingesagaene i dei tre skandinaviske landa nærmar seg no sluttføring, og lanseringa av verket vil skje i Reykjavik våren 2014. Samlinga består av 40 sagaer og 48 mindre tekstar, såkalla tåttar.

Mange av desse er utgitt på norsk før, men det er første gong dei kjem ut i samla versjon på denne måten, og tekstane har dessutan fått ein meir moderne språkdrakt. Meir enn 60 personar i Danmark, Sverige og Noreg har vore involverte i arbeidet, og forleggar Jóhann Sigurdsson i Saga forlag seier til Dagsavisen at dette er det største omsetjingsarbeidet av vestleg litteratur til no.

Den norske ambassadøren på Island, Dag Wernø Holter, har no engasjert seg for å få dette verket inn i innkjøpsordninga eller på andre måtar får støtte slik at den kan kome ut til alle bibliotek og undervisningsstader i landet.

(Foto: Jarle Vines (Creative Commons Attribution Sharealike 3.0)). 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...