Heim Nyhende – Partia heng etter i språkpolitikken

– Partia heng etter i språkpolitikken

– Dei fleste partia heng etter i språkpolitikken. Dei er til dels dårleg oppdaterte om gjeldande språkfagleg tenking, men bruker meir plass på språkpolitikk i partiprogramma sine enn dei gjorde før, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

 

 

Det mest uventa i 2013 er ifølgje Grepstad Miljøpartiet De Grønne.

– For første gong har dette partiet vedteke eit meir heildekkjande politisk program, og språkkapitlet deira er eit av dei beste i bunken.

Måndag publiserte Nynorsk kultursentrum det omfattande skriftet «På parti med språket?» på aasentunet.no. Der står alt partia har vedteke om språkpolitikk sidan 1906, med kommentarar og analyse.

Ros til De Grønne

Med jamne mellomrom det siste tiåret har Grepstad samla og studert det partia meiner om språkpolitikk. Det er tredje gongen Nynorsk kultursentrum gir ut denne dokumentasjonen. Etter utgåver i 2004 og 2009 dekkjer publikasjonen i 2013 ni parti.

– Vi oppdaga at Miljøpartiet De Grønne har utvikla eit meir heildekkjande program, og partiet har no eit av dei beste språkpolitiske kapitla, seier Grepstad. Han meiner dette partiet er mest oppdatert på nyare språkfagleg tenking.

Praksis er meir enn program

Det er Senterpartiet og Høgre som seier minst om språkpolitikk i 2013-programma sine, og dei seier stort sett det stikk motsette av kvarandre. Grepstad peikar på at språkpolitikk er meir enn formuleringar i valprogram, og at partia også må vurderast ut frå det dei gjer.

– Merkeleg nok seier Arbeiderpartiet mindre enn på lenge i programmet sitt om den norske delen av språkpolitikken, men med kulturministeren dei sitte åtte åra har dette partiet stått for svært mykje av denne politikken i praksis.

Ulik språkpolitikk overfor ulike grupper

Dokumentasjonen syner at mange parti seier mindre enn før om politikk for norsk språk. Derimot bruker partia meir plass i valprogramma sine på urfolk, nasjonale minoritetar og nye innvandrarspråk enn dei gjorde for nokre tiår sidan.

– Overfor urfolk og nasjonale minoritetar legg partia vekt på at desse må få utvikle sine språktradisjonar parallelt med kompetansen i norsk. Overfor nye innvandrarar er det derimot integrering som gjeld, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Gratis boktips til nettsidene til bibliotek og skular

No kan du få siste bokmeldingar, bokomtalar og forfattarintervju frå Lesedigg.no direkte inn på nettsidene til biblioteket eller skulen din. I juni opna den nye...

125 årsjubileum for Tarjei Vesaas : – Kanskje den fremste litteraturen som er skriven i dette landet

Som tenåring gjekk Tore Renberg til lokalavisa for å kjøpe eit portrett av forfattaridolet sitt, medan kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen framleis sit med...

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...