Heim Nyhende Jubelår for Nynorsk kultursentrum

Jubelår for Nynorsk kultursentrum

Stor auke i talet på gjester i Språkåret.

– 2013 blei eit jubelår for Nynorsk kultursentrum, seier direktør Ottar Grepstad.

 

– Vi hadde 39 prosent fleire gjester enn i 2012, inntektene auka med like mange prosent, vi var til stades i heile 54 kommunar med arrangement eller utstillingar, og vi gav ut fleire store publikasjonar enn nokon gong før. Ingen kan rekne med at dette blir vanleg i åra framover, seier Grepstad.

Inntektene auka med 38 prosent til vel 33,3 millionar kroner, gjestetalet voks med 39 prosent til 30.300, og institusjonen gjennomførte arrangement eller utstillingar i 54 kommunar i 15 fylke – dobbelt så mange kommunar som året før. Nynorsk kultursentrum hadde i fjor 20 medarbeidarar i heiltidsstillingar i Ørsta, Ulvik og Oslo.

Språkåret verka
– For eit år sidan sa vi at målet er at mange ved neste årsskifte skal vite meir og tenkje annleis om språk i Noreg enn dei gjer i dag. Det slo til, seier Grepstad.

Ei spørjeundersøking Språkåret 2013 og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2012 og 2013, syner at endå fleire enn før har eit positivt bilete inntrykk av Ivar Aasen, at fleire har teke stilling til spørsmålet om nynorsk og bokmål framleis skal vere jamstilte språk i Noreg, og at fleire synest det er positivt at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn.

No arbeider sekretariatet i Språkåret 2013 med å få oversyn over alt som skjedde. Rapporten for Språkåret 2013 skal leverast til Kulturdepartementet seinast 1. mars.

Ivar Aasen-tunet fornya basisutstillinga

Direktør Ottar Grepstad gler seg over gode besøkstal. Foto: Nynorsk kultursentrum
Direktør Ottar Grepstad gler seg over gode besøkstal. Foto: Nynorsk kultursentrum
I 2013 fullførte Ivar Aasen-tunet ei fornying av basisutstilling.– Utstillinga byd no på meir om språk i heile verda og om nynorsk gjennom nye opplevingar for fleire sansar. Vi har utvida utstillinga både i breidda og djupna på det same arealet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Frå Ivar Aasen-tunet kom det i 2013 både ei ny temautstilling om Ivar Aasen, ein biografi som blei trykt i tre opplag, ein bibliografi over Ivar Aasens publiserte skrifter, og både bøker og andre skrifter om språk. – Det faglege aktivitetsnivået har vore høgt lenge, men aldri har vi gjort meir enn i Språkåret 2013, seier Øvereng.

Olav H. Hauge-senteret opnar for fullt
No ligg alt til rette for at Olav H. Hauge-senteret i Ulvik opnar med eit komplett tilbod laurdag 10. mai 2014.

– Tidsskjemaet er stramt, men no er alt klart for å produsere basisutstilling i Hauge-senteret. Vi er i sluttforhandlingar med ein norsk produsent og reknar med å signere kontrakten om kort tid, seier dagleg leiar Geir S. Netland i Hauge-senteret.

Allkunne og seks andre nettstader
Dotterselskapet Allkunne AS lagar digitalt kvalitetsinnhald på nynorsk og er eitt av to redigerte leksikontilbod på norsk. I tillegg driv Nynorsk kultursentrum fem andre nettstader som alle blei bygde om på ny plattform i 2013. I 2014 etablerer Nynorsk kultursentrum også ein ny nettstad for Ulvik poesifestival.

– Det vil seie at det blir jamt lettare for publikum å nå oss, anten dei søkjer fagstoff, informasjon eller er på ein digital handletur, seier Ottar Grepstad.

Større krav til vertskommunar og vertsfylke
Med 20 heiltidsstillingar er Nynorsk kultursentrum blitt ei mellomstor bedrift.

– Vi har fleire tilsette enn nokon rekna med då institusjonen blei skipa for 20 år sidan, vi driv med meir enn nokon tenkte den gongen, og vi har ansvar og plikter fleire stader i landet. Det stiller nye krav til verksemda vår, seier Ottar Grepstad

– I 2013 auka vi eigeninntektene med 10 prosent, men omfanget av verksemda vår utfordrar rolla til både vertskommunar og vertsfylke. Stortinget har i fleire år gitt oss auka driftsmidlar. Samstundes har vi greidd å auke andre inntekter endå meir. Det er ei god investering å satse på oss, seier Grepstad.

Nynorsk kultursentrum 2013
• Arrangement og utstillingar i 54 kommunar i 15 fylke: Alstahaug, Averøy, Bergen, Bærum, Eidsberg, Flora, Fredrikstad, Førde, Gjemnes, Gloppen, Hamar, Haram, Harstad, Haugesund, Herøy, Høyanger, Hå, Jølster, Karmøy, Kristiansand, Kristiansund, Lindås, Lom, Midsund, Molde, Nord-Aurdal, Norddal, Oslo, Randaberg, Rauma, Rindal, Sandefjord, Sandnes, Sandøy, Sauda, Sauherad, Skodje, Stavanger, Steinkjer, Stjørdal, Stordal, Stranda, Stryn, Sykkylven, Time, Trondheim, Tysvær, Ullensvang, Ulvik, Vanylven, Vestnes, Vinje, Volda, Ørskog, Ørsta, Ål, Ålesund, dessutan Stockholm
• 30 286 gjester på arrangement og utstillingar, og 187 000 unike nettstadbrukarar
• Sidan opninga av Ivar Aasen-tunet i 2000 har nær 3,6 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 146 kommunar i inn- og utland
• 23 stiftarar, mellom dei alle vestlandsfylka, heile målrørsla og mange universitet og høgskular
• 17 fast tilsette og 3 prosjektmedarbeidarar i full stilling, og om lag 40 deltidstilsette
• Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival og fem nettstader
• Eig og driv det allmenne nettleksikonet Allkunne og er medeigar i Norsk Barneblad
• Forvaltar Vinjefondet for nynorsk i pressa, på oppdrag frå Kulturdepartementet
• Leier arbeidet i Nynorsk Forum og i det nasjonale Litteraturnettverket

Aasentunet fekk fleire nyhende i basisutstillinga si i jubileumsåret.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...