Heim Nyhende Komplett bibliografi over Ivar Aasens skrifter

Komplett bibliografi over Ivar Aasens skrifter

– Forfattarskapen lever i beste velgåande.

Nærmare 1200 tekstar av Ivar Aasen er publiserte. Berre 234 av dei publiserte han sjølv. Det går fram av «Bibliografi over Ivar Aasens publiserte skrifter» som no er publisert på aasentunet.no. – Forfattarskapen lever i beste velgåande. Ivar Aasen blir sitert kvar einaste dag året gjennom. Særleg dei mange ordtaka hans er mykje brukte, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Grepstad gav i fjor ut biografien «Historia om Ivar Aasen» som då blei trykt i tre opplag. Bibliografien laga han parallelt med biografien. Ei første utgåve av bibliografien kom ut i fjor sommar. I den 2. utgåva som no ligg føre, er mykje nytt stoff kome til. – Å halde bibliografien ved like er eitt av mange tiltak som Nynorsk kultursentrum fører vidare etter Språkåret 2013, seier Ottar Grepstad

I si levetid fekk Ivar Aasen trykt nær 100 dikt og like mange artiklar og prosastykke, og han gav ut 39 bøker og småskrifter. Etter at han døydde i 1896, har det kome mykje meir. Til saman er no nær 300 dikt og viser publiserte, vel 300 artiklar og prosastykke, og 400 brev. Det ligg også føre 125 bøker og småskrifter med tekstar av Ivar Aasen.

Dikt og andre tekstar av Ivar Aasen kan lesast på åtte ulike språk. Av 121 registrerte omsetjingar og gjendiktingar er heile 50 på engelsk, 32 på dansk og 30 på tysk.

– Ivar Aasen hadde eit skarpt blikk for kvalitet. Han visste godt kva som var best av det han skreiv, og det var dei tekstane han la vekt på å få gitt ut, seier Ottar Grepstad. – Aasen arbeidde planmessig med utgivingane sine, og det var viktig for han å vere til nytte for språkbrukarane. I alders år angra han på at han ikkje hadde skrive fleire bøker for barn og unge, og for folk flest, seier Ottar Grepstad.

Prøv quizen til Framtida.no om Ivar Aasen!

Ivar Aasens publiserte skrifter
125 utgåver og opplag av bøker og småskrifter
278 dikt, viser og skodespel
308 artiklar og prosastykke
399 brev
33 omsetjingar og gjendiktingar frå andre språk
121 omsetjingar og gjendiktingar av Aasen-tekstar til åtte andre språk

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...